Suleimania
Sulaymaniyah (kurdisk سلێمانی, Silêmanî; arabisk السليمانية, as-Sulaymāniyyah), òg skrive Sulaimani eller Slemani, er ein by i Irakisk Kurdistan. Sulaymaniyah ligg mellom Azmerfjella, Goyijafjella og Qaianfjella i nordaust, Baranan i sør og Taslujaåsane i vest. Byen har eit halvtørt klima med særs varme, tørre somrar og kjølige, våte vintrar. Sulaymaniyah var den første hovudstaden i det historiske kurdiske fyrstedømet Baban frå 1784 til 1850.
Sulaymaniyah | |||
kurdisk سلێمانیSlêmanî, arabisk السليمانية | |||
by | |||
Sulaymaniyah
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Autonom region | Kurdistan | ||
Guvernement | Sulaymaniyah guvernement | ||
Del av | Kurdistan i Irak | ||
Høgd | 882 moh. | ||
Folketal | 963 390 (2016)[1] | ||
Tidssone | UTC+3 | ||
Suleimania 35°33′00″N 45°26′00″E / 35.55°N 45.433333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Sulaymaniyah | |||
Nettstad: http://www.sharawani.com |
Den moderne byen Sulaymaniyah vart grunnlagd 14. november 1784 av den kurdiske fyrsten Ibrahim Pasha Baban som kalla han opp etter faren Sulaiman Pasha.[2]
Suleimania er eit viktig kulturelt senter for kurdarar i Irak og Iran som snakkar sorani, den sørlege varianten av kurdisk. Sorani har her vorte utvikla som skriftspråk frå tidleg på 1800-talet.
Mange kurdiske forfattarar og kunstnarar har halde til i byen. Bahá'u'lláh, grunnleggjaren av den religiøse Bahai-samfunnet, budde her i åra 1854 -56.
Suleimania har fleire TV- og radiostasjonar og mange aviser. Det første kurdiske universitetet vart grunnlagd i Suleimania i 1970.
Suleimania er eit viktig økonomisk senter i irakisk Kurdistan, med sterke økonomiske band til det nærliggande iranske Kurdistan.
I 1991 føregjekk det harde kampar i Suleimania mellom kurdiske peshmergaer og irakisk tryggleikspoliti, som enda med at heile den irakiske garnisonen vart drepen. Hovudkvarteret til tryggleiksstyrkane som hadde vore brukt til omfattande tortur, er i dag til dels gjort om til museum og dels til park med restaurantar og andre fritidstilbod.
Byen har sidan vore under kurdisk administrasjon. I perioden frå 1995 til 2006, då Sør-Kurdistan var delt i to parallelle administrative einingar, var Suleimania hovudstad for Administrasjonen til puk.
Suleimania er i dag sentrum for ein hektisk økonomisk aktivitet, med stor anleggsverksemd. Det er òg ein blomstrande turistindustri, som tiltrekkjer seg gjester såvel frå andre delar av Irak og Midtausten, som følgje av den vene naturen i byen og den politiske stabiliteten som pregar Sør-Kurdistan.
Klima
endreKöppen-Geiger si klimaklassifisering klassifiserer klimaet her som varmt middelhavsklima (Csa).[3]
Vêrdata for Sulaymaniyah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 7,8 | 10,3 | 15,5 | 20,8 | 28,4 | 35 | 38,8 | 38,8 | 34,7 | 28,2 | 18,7 | 11,1 | 24 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 3,8 | 5,6 | 10,4 | 15,2 | 21,4 | 27,6 | 31,3 | 31,4 | 27,2 | 21,1 | 13,7 | 6,7 | 17,9 |
Gjennomsnittleg min °C | −0,2 | 1 | 5,3 | 9,7 | 14,5 | 20,3 | 23,9 | 24,1 | 19,7 | 14,1 | 7,6 | 2,3 | 11,9 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 129 | 146 | 132 | 100 | 41 | 0 | 0 | 0 | 0 | 13 | 74 | 110 | 745 |
Kjelde: Climate-Data.org (altitude: 849m)[3] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Suleimania» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://reliefweb.int/sites/reliefweb.int/files/resources/SulaymaniyahUrbanProfileEnglishUNHCRandSSO2016.pdf
- ↑ Ali, Meer Ako. «Sulaimany: 227 years of glory». kurdistantribune.com. Arkivert frå originalen 2. august 2016. Henta 1. mars 2021.
- ↑ 3,0 3,1 «Climate: Sulaymaniyah - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 1. mars 2021.