Sundkilen er ein liten innsjø i Kviteseid kommune i Telemark. Innsjøen er ein avstikkar av Telemarkskanalen, og høyrer til Skiensvassdraget. Største tilløp kjem frå nordvest med Dalaåi. Dalaåi renn frå Oftevatnet ved Høydalsmo. Sundkilen går ut i Kviteseidvatnet i søraust. Desse innsjøane ligg på same høgd og er berre avskild av eit lite sund.

Inst i Sundkilen ligg Kviteseidbyen, kommunesenteret i Kviteseid kommune. Kviteseidbyen som voks fram i samband med opninga av Telemarkskanalen i 1892.

Sundkilen er eit forholdsvis grunt vatn. Temperaturen i vatnet sommarstid vert ofte høg, og badesesongen er lang. Det er lagt til rette for badande i Kviteseidbyen med eigen badebrygge og stupetårn. Sundkilen er kjent som eit godt fiskevatn. Her finst aure, røye, sik, åbor og ål.

Sundkilen frys normalt til nokre veker før jul, og isen ligg gjerne langt ut i april. Sjølv i milde vintrar legg det seg solid is på Sundkilen. Det er lange tradisjonar for travkøyring på Sundkilenisen. Midt på 1800-talet starta organisert travkjøring i samband med Kviteseidmarken. På midten av 1990-talet vart denne tradisjonen teke opp igjen.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Telemark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.