Kviteseidvatnet
Kviteseidvatnet er ein innsjø i Kviteseid kommune i Vestfold og Telemark. Innsjøen er ein del av Telemarkskanalen, og høyrer til Skiensvassdraget.
Kviteseidvatnet | |||
innsjø | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold og Telemark | ||
Kommune | Kviteseid | ||
Høgd over havet | 69.5-72 moh. | ||
Areal | 15,76 km² | ||
Middeldjupn | 92 m | ||
Største djupn | 201 m | ||
Volum | 1,45 km³ | ||
Kystlengd1 | 26,94 km | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Kviteseidvatnet | |||
Wikimedia Commons: Kviteseidvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Kviteseidvatnet har dei to tilløpa sine frå vest. Dette frå det vesle vatnet Sundkilen og via «Straumen» frå Bandak. I aust held «Straumen» fram og vatnet spring ut til Flåvatn. På grunn av oppdemminga av Flåvatn (Hogga sluse) er det ingen høgdeskilnad mellom desse fire vatna.
