Sundts veg
Sundts veg er ein blindveg på Nesttun og Skjold i Fana bydel i Bergen kommune. Store delar av vegen går òg langs grensa til Hop. Han går vestover frå Nesttunvegen til Skjoldnes og er 1,5 km lang.
Vegen er kalla opp etter forretningsmannen Lars Sundt (1862-1924) og namnet vart vedteke i 1947. Lars Sundt hadde eigedommen Skjoldhaug her frå 1902. Hovudbygningen var frå 1910, men vart riven i 1974 då Fritz C. Riebers veg vart lagt.
I Sundts veg 57 ligg Skjoldnes, heilt i enden av vegen. Skjoldnes vart skild ut frå Skjoldhaug. Huset her er frå 1925, teikna av Fredrik Arnesen og Arthur Darre Kaarbø for Lars Phil Johannesen. Frå 1965 dreiv Stiftelsen Libertas staden som kursstad, før Bergen Jordmorhøgskole tok over i 1972. Huset vart rehabilitert i 1991 og i dag vert det drive kurs- og restaurantverksemd her.
Knutepunkt
endre- 582 Nesttunvegen
- Avkjørsel Lundhaugvegen
- Avkjørsel Kloppedalsvegen
- Sideveg sørover (100 m)
- Sideveg sørover (50 m)
- Sideveg sørover (60 m)
- Avkjørsen Furulund
- Sideveg nordover (200 m)
- Sideveg sørover (70 m) til Balders veg
- Sideveg sørover (400 m) til Skjoldvegen
- Avkjørsel Nybøvegen
- Sideveg nordover (60 m)
- Avkjørsel Hopsåsen
- Avkjørsel Skiparviklia
- Sideveg søraustover (140 m)
- Sideveg nordover (130 m)
- (40 m) over Fritz C. Riebers veg
- Skjoldnes, Sundts veg 57
Kjelder
endre- Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.
- Nasjonal vegdatabank Arkivert 2010-11-11 ved Wayback Machine.