Sunnmøre Folkehøgskule

62°20′30″N 5°53′26″E / 62.34167°N 5.89056°E / 62.34167; 5.89056

Sunnmøre Folkehøgskule
Sunnmøre Folkehøgskule i april 2008.
MottoForvent mykje, få meir
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagd1908
Region/fylkeMøre og Romsdal
KommuneUlstein
StadUlsteinvik
AdresseVarleitevegen 7, 6065 Ulsteinvik
EigarKFUK-KFUM
RektorArnt Ole Grimstad
Elevar100
Tilsette25
Nettstadhttps://sunnmore.fhs.no
Kart
Sunnmøre Folkehøgskule
62°20′30″N 5°53′26″E / 62.341667°N 5.890556°E / 62.341667; 5.890556

Sunnmøre Folkehøgskule er ein kristen folkehøgskule i Ulsteinvik i Ulstein kommune i Møre og Romsdal. Elevane ved skulen vel eitt linjefag og fire valfag, to om hausten og to om våren. I tillegg er det fellesfag 12 timar i veka. Skulen har plass til 100 elevar i året og er eigd av KFUK-KFUM og Møre og Romsdal Krins av KFUK-KFUM.

Skulen tok i desember 2006 over lokala til tidlegare Radisson SAS Ulstein Hotell. På skuletunet ligg gymsal og eit treningssenter. Frå skulen er det kort køyreavstand til Sunnmørsalpane og Stranda skisenter, og kort gåavstand til ein 9-hols golfbane. I tillegg har skulen formingsrom og tilgang til klatrehall og fotballhall, som ligg i nærområdet.

Rektor ved skulen er Arnt Ole Grimstad.

Linjer ved skulen i 2015: endre

  • Butrening.Aktivitet
  • Dans+
  • Film+
  • Global.Safari
  • Golf.Idrett.Sør-Afrika
  • Idrett.Ball
  • Multisport.Sør-Afrika
  • Musikk+
  • Musikk.Digital
  • SjøSnøSurf.Hawaii

Skulen tilbyr også halvårskurset Internasjonal linje og andreårskurset Leiartrening.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre