Super Mario Maker er eit siderullande plattformspel og ein nivåeditor utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet vart lansert på Wii U i september 2015, og i ei utgåve tilpassa Nintendo 3DS i desember 2016.[1]

Super Mario Maker

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Yosuke Oshino
Produsent(ar)Takashi Tezuka
Hiroyuki Kimura
Komponist(ar)Koji Kondo
Naoto Kubo
Asuka Hayazaki
SerieSuper Mario, Super Mario Maker
SpelmotorLunchPack
Plattform(er)Wii U, Nintendo 3DS
UtgjevingWii U
JP: 10. september 2015
NA: 11. september 2015
EU: 11. september 2015
Nintendo 3DS
JP: 1. desember 2016
NA: 2. desember 2016
EU: 2. desember 2016
SjangerPlattform, nivåeditor
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttps://supermariomaker.nintendo.com
Del av serien Super Mario, Super Mario Maker⠀
Super Mario 3D World · Super Mario Run, Super Mario Maker 2

Super Mario Maker lèt spelarar lage og spele på sine eigne brett basert på dei tidlegare spela Super Mario Bros., Super Mario Bros. 3, Super Mario World og New Super Mario Bros. U, i tillegg til å kunne dele bretta over internett. Spelet gjer nye verktøy og element gradvis tilgjengelege etter kvart som tida går i spelet, mellom anna det å kunne laste ned og spele på brett laga av andre spelarar.[2]

Ein oppfølgjar med tittelen Super Mario Maker 2 vart utgjeve 28. juni 2019 til Nintendo Switch.

Kjelder endre

  1. «Super Mario Maker headed to 3DS». Eurogamer. 1. september 2016. Henta 1. juli 2019. 
  2. «ANMELDELSE: Super Mario Maker». Gamer.no. 18. september 2015. Henta 1. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff endre