Supersonic Rocket Ship

Supersonic Rocket Ship
Singel av The Kinks
frå albumet Everybody's in Show-Biz
B-side

«You Don't Know My Name» (Dave Davies)

Utgjeve September 1972 (USA), 5. mai 1972 (Storbritannia)
Innspelt Mars 1972
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 3:32
Selskap RCA RCA 2211 (Storbritannia), 74-0807 (USA)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«20th Century Man»
(1971)
Supersonic Rocket Ship «Celluloid Heroes»
(1972)


«Supersonic Rocket Ship» er ein song av den britiske rockegruppa The Kinks, skriven av Ray Davies. Han vart gjeven ut på singel 5. mai 1972 i Storbritannia og i september det året i USA. «Supersonic Rocket Ship» kom òg ut på albumet Everybody's in Show-Biz, som kom ut 25. august 1972 i USA og 1. september i Storbritannia.

Songen har eit liknande tema som tidlegare Ray Davies-songar som «Apeman», som uttrykkjer eit ynske om dra attende til eit enklare levesett. Og igjen som «Apeman» har songen sterke karibiske undertonar, kanskje påverka av reggaemusikken på den tida.[1] Mellom anna vert det nytta steeltrommer i bakgrunnen.[1]

Singen vart ein hit i Storbritannia og nådde 16. plassen på både lista til Melody Maker og Record Retailer, og 23. plassen på lista til New Musical Express. Han vart den siste større hitten til bandet i Storbritannia på 11 år, før «Come Dancing» nådde 11. plassen sommaren 1983. I USA nådde han derimot berre 111. plassen.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Rogan, J. (1998). The Complete Guide to the Music of the Kinks. Omnibus Press. s. 93. ISBN 0711963142. 

Bakgrunnsstoff endre