Susan Wojcicki
Susan Diane Wojcicki (5. juli 1968–9. august 2024) var ein polsk-amerikansk bedriftsleiar som var dagleg leiar for YouTube frå 2014 til 2023. Nettoformuen hennar vart estimert til å vere rundt 765 millionar dollar i 2022.[1]
Susan Wojcicki | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 5. juli 1968 Santa Clara |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande, næringslivsleiar, tech VIP |
Språk | engelsk |
Far | Stanley Wojcicki |
Mor | Esther Wojcicki |
Ektefelle | Dennis Troper |
Susan Wojcicki på Commons |
Wojcicki har jobba i teknologibransjen i over tjue år. Ho vart involvert i grunnlegginga av Google i 1998 då ho leigde ut garasjen sin som kontor til grunnleggjarane av selskapet.[2] Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, og leia seinare den nettbaserte annonseringsverksemda og den originale videotenesta til selskapet. Etter å ha sett suksessen til YouTube, føreslo ho at Google skulle kjøpe tenesta. Google kjøpte YouTube for 1,65 milliardar dollar i 2006.
Wojcicki byrja som dagleg leiar i YouTube i 2014 og trekte seg i 2023.[3]
Bakgrunn
endreSusan Diane Wojcicki vart fødd i Santa Clara County i California den 5. juli 1968. Ho er dotter av den amerikanske journalisten Esther Wojcicki og den polske fysikkprofessoren ved Stanford University Stanley Wojcicki.[4] Besteforeldra hennar var russisk-jødiske immigrantar.[5]
Karriere
endreFør Wojcicki vart den fyrste marknadssjefen i Google i 1999, arbeidde ho med marknadsføring hos Intel Corporation i Santa Clara.[6] I tillegg jobba ho med leiingsrådgjeving for Bain & Company og R.B. Webber & Company.[7]
I 2003 vart Wojcicki fyrste produktsjef for eit av dei store annonseverktøya til Google, AdSense.[8] For dette arbeidet fekk ho Google Founders' Award. Wojcicki vart forfremja og hadde tilsyn med Google sine annonserings- og analyseprodukt, inkludert AdWords, AdSense, DoubleClick og Google Analytics.[9]
Susan Wojcicki har fleire år vorte nemnd på lista over dei 100 mektigaste kvinnene publisert årleg av Forbes.[10][11][12]
Utmerkingar
endre- Kåra til nummer ein på Vanity Fair si New Establishment-liste i 2019.[13]
- 2013: Rangert som nummer ein på Adweek si topp 50 leiar-liste, som anerkjenner dei øvste medieleiarane i ein organisasjon.[14]
- 2016: Nummer åtte på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.[15]
- 2017: Nummer seks på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.[16]
- 2018: Nummer sju på lista over dei 100 mektigaste kvinnene i verda.[17]
Kjelder
endre- ↑ «Susan Wojcicki». Forbes (på engelsk). u.d. Henta 6. mars 2023.
- ↑ Saner, Emine (10. august 2019). «YouTube’s Susan Wojcicki: 'Where's the line of free speech – are you removing voices that should be heard?'». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 6. mars 2023.
- ↑ «A personal update from Susan». blog.youtube (på engelsk). 16. februar 2023. Henta 6. mars 2023.
- ↑ Clifford, Catherine. «How Anne and Susan Wojcicki's parents raised the founder of 23andMe and the CEO of YouTube». CNBC (på engelsk). Henta 6. mars 2023.
- ↑ Tramiel, Preeva (18. april 2012). «Esther Wojcicki: A Jewish mother of the tech revolution». Jewish Women's Archive (på engelsk). Henta 6. mars 2023.
- ↑ Laporte, Nicole (8. juni 2014). «The Woman Behind The Superlatives: Three Things You Need To Know About Susan Wojcicki». fastcompany.com. Henta 6. mars 2023.
- ↑ «Susan Wojcicki». Salesforce (på engelsk). Henta 6. mars 2023.
- ↑ Schwartz, Barry (5. juli 2007). «Profile Of Susan Wojcicki: Mother Of AdSense». Search Engine Land (på engelsk). Henta 6. mars 2023.
- ↑ Gustin, Sam. «Google Ad Chief Susan Wojcicki: 'The Book Isn't Finished'». Wired (på engelsk). ISSN 1059-1028. Henta 6. mars 2023.
- ↑ «Susan Wojcicki: The most powerful woman on the internet / Demet Cengiz». Arkas News (på tyrkisk). 10. februar 2023. Henta 6. mars 2023.
- ↑ «The World's 100 Most Powerful Women 2022». Forbes (på engelsk). Henta 6. mars 2023.
- ↑ «Susan Wojcicki: The most powerful woman on the internet». UC Santa Cruz News (på engelsk). Henta 6. mars 2023.
- ↑ Nast, Condé (3. oktober 2019). «Vanity Fair’s 2019 New Establishment List». Vanity Fair (på engelsk). Henta 7. mars 2023.
- ↑ «The Top 50 Execs Who Make the Wheels Turn». www.adweek.com (på engelsk). 28. oktober 2013. Henta 7. mars 2023.
- ↑ «Forbes Announces 13th Annual World's Most Powerful Women List». Forbes (på engelsk). 6. juni 2016. Henta 7. mars 2023.
- ↑ «Forbes Announces 14th Annual World's 100 Most Powerful Women List». Forbes (på engelsk). 1. november 2017. Henta 7. mars 2023.
- ↑ «Forbes Announces 15th Annual World's 100 Most Powerful Women List». Forbes (på engelsk). 4. desember 2018. Henta 7. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Susan Wojcicki» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Youtube-kanalen til Susan Wojcicki
- Susan Wojcicki ved IMDb