Susendal kyrkje er ei tømra langkyrkje i Susendalen i Hattfjelldal sokn i Indre Helgeland prosti.

Susendal kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Indre Helgeland
Sokn Hattfjelldal
Fellesråd Hattfjelldal
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 19. søndag etter pinse, 13.10.2001
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle Karl Erik Harr (2002)
Kart
Susendal kyrkje
65°23′49″N 14°00′42″E / 65.397°N 14.0116°E / 65.397; 14.0116
Wikimedia Commons: Susendal kirke

Kyrkja er bygd på dugnad av bygdefolket i Susendalen, hjelp frå næringslivet og kommunen i Hattfjelldalen. Det stod eit gammalt kapell i Susendalen, dette vart bygd i 1916, men då biskop Øystein I. Larsen var på visitas i 1998, var kapellet så forfalle at det vart semje om å avvigsle kapellet og bere ut kyrkjesølvet.

I 2001 kom biskopen attende for å vigsle den nye kyrkja. Men arbeidet med å gjere kyrkja ferdig heldt fram i tida som følgde; i mars året etter vart altertavla vigsla, sidan vart det sett inn benkar.

Susendal kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Hattfjelldal sokn. Hattfjelldal kyrkje er hovudkyrkja, elles er det òg gudstenester i Varntresk kyrkje.

Altartavla endre

Altertavla er eit triptykon, sett daman av tre bilete, måla av Karl Erik Harr:

  • Biletet til venstre er såmannen, eit motiv knytt til Jesu likning om forkynninga av Guds ord og med ein parallell i jordbruket, hovudnæringa i Susendalen.
  • Hovudmotivet viser Jesu fødsel i Betlehem.
  • Biletet til høgre viser ei kvinne som held fram avlinga som er resultatet av arbeidet til såmannen.
 
Den gamle kyrkja i Susendalen står enno, knapt 100 m frå nykyrkja

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre