Svart granbarkbukk

insektart
Svart granbarkbukk
Svart granbarkbukk
Svart granbarkbukk
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Tetropium
Art: Svart granbarkbukk T. castaneum
Vitskapleg namn
Tetropium castaneum

Svart granbarkbukk (Tetropium castaneum) er ei bille i trebukkfamilien. Han finst gjennom heile den Palearktiske regionen, frå Europa til nordlege Japan. I Noreg finn ein han vanleg frå Vest-Agder til og med Troms, rett nok berre med spreidde førekomstar på Vestlandet.

Levesett endre

Den svarte granbarkbukken lever som larve under borken på svekka eller døyande bartre, særleg gran. Dei er vanlegast i ståande tre, men finst òg stundom i falne tre og i tømmer. Puppekammeret vert oftast greve djupt nede i veden. Utviklingstida er 1 til 2 år her i landet, og dei vaksne billene vert klekt seint på våren i mai til juni.

Arten kan skade trevyrke når han borar i veden for å laga puppekammeret sitt. Han vert ofte klekka frå ved som ligg inne om vinteren. Dette er ikkje farleg for treverk innomhus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre