Svartmeis
Svartmeisa (Periparus ater) er ein liten fugl i meisefamilien som er vanleg i mesteparten av Europa og delar av Asia og Afrika. I Noreg finn me ho som oftast i barskog (særleg gran) nord til Saltdalen og Fausketraktane.
Svartmeis | |
Svartmeis | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Svartmeis | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Meisefamilien Paridae |
Slekt: | Periparus |
Art: | Svartmeis P. ater |
Vitskapleg namn | |
Periparus ater |
Skildring
endreSvartmeisa er ein liten fugl, som vert mellom 10 og 11,5 cm lang i vaksen alder. Hovudet, nakken og delar av brystet er svart, bortsett frå ein karakteristisk kvit flekk i bakhovudet og på sidene av andletet. Undersida er lys, og beina er blyfarga. Ungfuglen liknar foreldra.
Fuglen et frø og insekt, og hamstrar næring. Han er stand- og streiffugl, og opptrer nokre år i invasjonar.
Formeiring
endreSvartmeisa er den einaste av meisene som vanlegvis hekkar i holrom på bakken eller i fjellsprekkar, men også i treholer og liknande. Det er hoa som byggjer reiret, som regel av mose, ull og hår. Ho legg 8-9 (7-11) kvite egg med raudbrune flekkar. Som regel får dei 1-(2) kull i april-mai og juli-august. Hannen rugar i 14-18 dagar og ungane si reirtid er 16-19 dagar.
Låt
endreSvartmeisa lokkar tynt og fløytande m.a. «tuii, tuii si tuu» eller «stii!» Songen liknar litt på kjøttmeisa, men tonane er lysare, meir vemodsfylte: «ti-du-vii ti-du-vii, ti-vitt», eller med tydeleg s-lyd, «ti-vits ti-vits»
Bakgrunnsstoff
endre- Engelsk wikipedia
- Norsk ornitologisk forening
- Svartmeis Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.