Svein Fjælberg

norsk fotballspelar

Svein Fjælberg (fødd 12. januar 1959) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Sola i Rogaland. Mellom 1979 og 1989 vann han to seriegull og to cupgull med Viking Fotballklubb frå Stavanger. Fjælberg byrja spela for klubben i 1979 og var med på fyrstelaget dei neste elleve sesongane, bortsett frå dei to åra 1987-88 då han gjekk skadd. Han spela 33 landskampar for Noreg i tida 1979-86.

Svein Fjælberg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1959 (65 år)
Sola kommune
Yrke fotballspelar
Høgd 183 centimeter
Svein Fjælberg på Commons

Sidan han la opp som fotballspelar i 1990 har Fjælberg hatt ulike stillingar i Viking FK.

Klubbspel endre

Fjælberg spela for tredjedivisjons-klubben Sola FK frå 1976 til -78. Før 1979-sesongen vart han overført til Viking for 45 000 kroner, og var så langt Vikings dyraste signering. Allereie i sin fyrste sesong vart han dobbeltvinnar då klubben vann både seriemeisterskapen og cupmeisterskapen, den siste etter siger i finalen med 2-1 over Haugar.

Fjælberg vann sitt andre seriegull med Viking i 1982-sesongen. Året etter vart han kåra til «Årets spelar» i Noreg. I 1984 spela han sin andre NM-finale då Viking møtte Fredrikstad Fotballklubb. Etter uavgjort i den fyrste finalekampen, måtte Viking reise heim med tap etter omkampen.

Ved sesongslutt 1986 rykte Viking ned i andre-divisjon, men Fjælberg spela nesten ikkje dei to åra klubben deltok i den divisjonen. Han var mykje plaga av skader, men kjempa seg tilbake då klubben atter spela i den norske toppdivisjonen i 1989. Viking slo seg det året fram til ny NM-finale. Der møtte klubben Molde FK. Som i 1984 vart det omkamp etter uavgjortresultat i fyrste finalekampen. I den andre finalekampen sigra Viking 2-1, med Fjælberg som kaptein og kongepokalvinnar i sin siste kamp før han la opp.

Landslagsspel endre

Fjælberg debuterte på det norske landslaget 26. september 1979 mot Vest-Tyskland i ein kvalifiseringskamp til sommar-OL 1980. Han var med på Noregs lag som deltok i fotballturneringa under sommar-OL 1984 i Los Angeles. 24. september 1986 spela han sin 33. og siste landskamp då Noreg møtte DDR i ein EM-kvalifiseringskamp.

Merittar endre

  • Seriemeister med Viking 1979 og 1982
  • Cupvinnar med Viking 1979 og 1989
  • NM-sølv i cupen med Viking 1984

Kjelder endre