Sveinung Bjørnsson Lofthus

Sveinung Bjørnsson Lofthus (5. november 18208. februar 1888) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vinje i Telemark.

Sveinung Bjørnsson Lofthus
Fødd 5. november 1820
Død

8. februar 1888 (67 år)

Yrke politikar

Far hans var husmann i Vinje. Sjølv gjekk han Kviteseid lærarskule og var skulehaldar i heimbygda 2-3 år. Frå 1842 til 1874 var han lensmann i Vinje og gardbrukar på Lofthus. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ordførar 1874-80.

Lofthus representerte Bratsbergs amtStortinget 1859-60, 1862-63, omframstortinget og 1865-66. Heile tida var han medlem av justiskomite nr 1. Ved fleire stortingsval var han 1. eller 2. varamann. I 1864 var han medlem av den kongelege militærkommisjonen.

Han døydde på garden sin i Vinje i 1888.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914