Sveinung Stensland

norsk politikar

Sveinung Stensland (fødd 6. november 1972) er ein norsk farmasøyt og politikar frå Haugesund. Han har sidan 2013 vore stortingsrepresentant frå Rogaland for partiet Høgre.

Sveinung Stensland

Fødd6. november 1972 (51 år)
Haugesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, farmasøyt
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarKarl Johan Stensland
Alle verv

Stensland er utdanna cand.pharm. ved Universitetet i Oslo. Frå 2000 til 2011 var han regioneleiar i firmaet Apotek 1. Perioden 2007-13 var han så vel kommunestyremedlem i Haugesund, som fylkestingsrepresentant i Rogaland. I fylkestinget sat han 2011-13 som leiar av administrasjonsutvalet.

I 2013 vart Stensland vald til vararepresentant til Stortinget. Han møtte heile tingperioden 2013-17 i staden for statsråd Bent Høie. Frå 2017 hadde Stensland fast sete i Stortinget, attvald i 2021. Alle sesjonane i tida 2013-21 var han med i Helse- og omsorgskomitéen, dei siste fire som nestleiar.

Kjelder endre