Sveningen
Sveningen er eit fjell på kommunegrensa mellom Bergen, Bjørnafjorden og Samnanger i Vestland. Fjellet er 842 meter over havet og var det høgaste fjellet i tidlegare Os kommune. Fjellet ligg på vestsida av Samnangerfjorden, sør for Gullfjellet som ligg på andre sida av Brekkedalen.
Sveningen | |||
fjell | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Bergen, Bjørnafjorden, Samnanger (Vestland) | ||
Høgd | 842 moh. | ||
Primærfaktor | 519 m | ||
Koordinatar | 60°19′46.68″N 5°34′34.68″E / 60.3296333°N 5.5763000°E | ||
Sveningen 60°19′46″N 5°34′35″E / 60.329444444444°N 5.5763888888889°E |
Sveningen har ein primærfaktor på 519 meter mot Søre Gullfjellstoppen frå toppen av Brekkedalen. Sveningen består av fleire fjelltoppar utanom sjølve Sveningen. Desse er Søtefjellet (767 moh), Sauskolten (732 moh), Rindafjellet (715 moh) og Midtsæterfjellet (604 moh)
Kjelder
endre- Norgesglasset Arkivert 2006-11-25 ved Wayback Machine.