Opna hovudmenyen

Svenning Olsen Kongsgård

norsk gardbrukar og politikar

Svenning Olsen Kongsgård (6. desember 17808. november 1865) var ein norsk offiser, gardbrukar og stortingsmann fødd i Brandval i Hedmark.

Svenning Olsen Kongsgård
Fødd 6. desember 1780
Brandval
Død

8. november 1865
Grue

Yrke bonde, politikar, offiser

Far hans var gardbrukar og handverkar på Funderud i Brandval, men flytta sidan til Hesbøl i Eidskog. Sjølv gjekk han i unge år i skreddarlære. I 1801 eller –02 verva han seg og kom inn på underoffiserskulenKongsvinger. Han vart korporal i 1804 og kommandersersjant i Solør korps frå 1806. Kongsgård deltok i krigen 1808-14 og vart då titulert for løytnant. I 1808 vart han utnemnd til dannebrogsmann for sine handlingar då han 20. april 1808 fekk stoppa ei fiendtleg patrulje. Før krigen tok til, kjøpte han i 1807 garden Kongsgård i Grue og dreiv denne. Han var medlem av formannskapet i Grue 1837-39.

Kongsgård var 3. representant frå Hedemarkens amtStortinget i 1824, medlem av militærkomiteen. I 1821 var han 4. og i 1833 2. varamann til Stortinget.

Han døydde på garden sin i Grue i 1865.

KjelderEndra