Svensk pølserett

Svensk pølserett (dansk svensk pølseret) er ein dansk gryterett. Han er normalt laga av potet- og pølsestykke med ein saus av tomatpuré, lauk, paprikapulver, fløyte og mjølk.

Svensk pølserett med graslauk, rugbrød og brokkoli som tilbehøyr.

Trass namnet er retten stort sett ukjend i Sverige. Opphavet skal stamma frå danske leirskuleopphald i Sverige der ein laga denne retten av ingrediensane ein hadde att på ein av dei siste dagane av opphaldet.[1]

Kjelder endre

  1. Olsson, Kristina et al.: Turen Går Til Sydsverige, 4. opplag, Politiken, 2009

Bakgrunnsstoff endre

Oppskrifter