Sverdrupøya (russisk Остров Свердрупа; Ostrov Sverdrupa) er ei isolert øy i dei sørlege områda av Karahavet i Russland. Øya er dekt av tundravegetasjon. Ho ligg 120 km nord for Dikson på kysten av Sibir. Den næraste landområdet er Arktitsjeskij Institut-øyane, som ligg 90 km lenger nordaust.

Sverdrupøya
øy
Land  Russland
Areal 70 km²
Folketal 0
Kart
Sverdrupøya
74°35′00″N 79°27′00″E / 74.583333333333°N 79.45°E / 74.583333333333; 79.45
Plasseringa til Sverdrupøya i Karaahavet
Plasseringa til Sverdrupøya i Karaahavet
Plasseringa til Sverdrupøya i Karaahavet
Wikimedia Commons: Sverdrup Island (Kara Sea)

Sverdrupøya er 15 km lang og opp mot 10 km brei. Ho har ei brei bukt som opnar mot vest. Havet omkring Sverdrupøya er dekt med pakkis og noko polynija om vinteren, og det er òg mykje isfjell om sommaren.

Øya må ikkje forvekslast med Sverdrupøyane, ei øygruppe i Elisabetøyane, i Nunavut i Canada. Begge er derimot kalla opp etter den norske polfararen Otto Sverdrup.

Sverdrupøya høyrer til Krasnojarsk kraj og er ein del av Det store arktiske statlege naturreservatet, det største naturreservatet i Russland og Europa.

Kjelder

endre

74°35′N 79°27′E / 74.583°N 79.450°E / 74.583; 79.450