Sverre Andersen

norsk fotballspelar

Sverre Andersen (9. oktober 19361. november 2016)[1] var ein norsk fotballspelar frå Stavanger. Han debuterte på Viking FK i 1952 og spela sin siste kamp i 1971. Høgdepunktet kom då han var med å verte cupmeister i 1959, han vart også seriemeister i 1958. Totalt spela han 482 kampar for Viking, 262 av dei var seriekampar. Andersen, som var målvakt, spela 41 landskampar i tidsrommet 1956-68.

Sverre Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1936
Stavanger kommune
Død

1. november 2016 (80 år)
Stavanger kommune

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Landslagsspel endre

Andersen debuterte for det norske A-landslaget den 26. august 1956 i ein heimekamp mot Finland som enda med 1-1. Dei neste tolv åra var han alltid aktuell for målvaktsplassen på landslaget, fyrste tida i kamp med Asbjørn Hansen, seinare med Kjell Kaspersen. Den siste landskampen han spela var mot Polen den 9. juni 1968 der Noreg tapte 1-6.

Klubbspel endre

I 1958 var Andersen målvakt for Viking som vann Avdeling A i Hovedserien, á poeng med Larvik Turn, og var klar for seriefinale mot Oslo-klubben Skeid. Viking vann finalekampen med 2-0 og tok dermed sin aller fyrste seriemeisterskap, Andersen og Edgar Falch var mellom nøkkelspelarane på laget. Begge to var også med då Viking året etter vann sitt andre NM-gull. Finalekampen i cupen gjekk mot Sandefjord og enda med 2-1-siger etter ekstraomgangar. No var også Olav Nilsen mellom dei som spela på meisterlaget.

Andersen vart kåra til årets fotballspelar i Noreg både i 1958 og 1962.

Kjelder endre

  1. Sverre Andersen er død Arkivert 2016-11-01 ved Wayback Machine., Stavanger Aftenblad (1. november 2016)