Sverre Daae
Sverre Daae (1890–1968) var ein norsk prest som var sokneprest i Leikanger frå 1923 til 1960.
Sverre Daae | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1890 |
Død |
1968 (78 år) |
Yrke | prest |
Verv | Sokneprest i Leikanger |
Periode | 1923-1960 |
Etterfylgjar | Einar Bjorvand |
I 1917 avla han teologisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo, og var prest i Nidaros bispedøme fram til han kom til Leikanger i 1923. Under krigen tok tyske offiserar i bruk prestegarden som bustad. I 1945 vart Sverre Daae stilt for retten, skulda for landssvik, og frådømd embetet. Han anka og vart frikjend i 1952, og heldt fram som prest i Leikanger til han vart pensjonist i 1960. Den tidlegare Leikangerpresten Anders Daae (1789-1816) var bror til Sverre Daae sin tippoldefar.
Det var Sverre Daae som tok initiativet til å restaurera den gamle Leikangerkyrkja, som var modernisert til det ugjenkjennelege i 1872. Arbeidet som tok til midt på 1920-talet varde gjennom heile prestegjerninga hans. Stundom låg presten i strid med museumsdirektør Heiberg om gamalt inventar som med tida var kome i museet sine hender, men på imponerande vis fekk han attende mesteparten til kyrkja si eige. Kyrkja vart restaurert innvendig i 1936 og utvendig i 1955. Forutan å vera mannen som tilbakeførte kyrkja til fordums prakt, var Sverre Daae ein fargerik og godt likt prest som etterlét seg mange gode historier i bygda.
Kjelder Endra
- Terje Eggum (1999). Leikanger kyrkje : frå mellomalderen til idag. Leikanger: Skald forlag. ISBN 8279590099.
- Allkunne Arkivert 2015-04-12 ved Wayback Machine.