Sverre Istad
Sverre Geir Istad (fødd 3. januar 1965) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Voss, medlem i Voss Idrettslag. Han vann VM-sølv i lagtevlinga i 1991, og NM-gull på 10 km i 1990. Jon Istad var farbror hans og han er syskenbarn til Gro Marit Istad Kristiansen.
Sverre Istad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. januar 1965 (59 år) Voss herad |
Yrke | skiskyttar |
Høgd | 180 centimeter |
Istad vann 10 km sprint under NM i skiskyting 1990 på heimebane på Voss, framfor sambygdingane Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne. Året etter fekk han sølv på 20 km då noregsmeisterskapen fann stad i Steinkjer, lagkamerat Fenne tok gullmedaljen.
Under VM i skiskyting 1991 i Lahti var Istad med å vinne sølv i lagtevlinga, saman med Jon Åge Tyldum, Ivar Ulekleiv og Frode Løberg. På 10 km sprint kom han på niandeplassen.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar