Frode Løberg (fødd 23. januar 1963) er ein norsk tidlegare skiskyttar som vann VM-sølv i lagtevlinga i både 1991 og 1992. Han var medlem av Elverum Idrettslag.

Frode Løberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. januar 1963 (61 år)
Elverum
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1988

Løberg vart norsk meister både på 20 km og 10 km under NM 1989 i Sørskogbygda. Året etter forsvarte han NM-tittelen i 20 km normalprogram på Voss.

Saman med Sverre Istad, Jon Åge Tyldum og Ivar Ulekleiv tok han sølvmedalje i lagtevlinga under VM i skiskyting 1991 i Lahti. Året etter fekk han eit nytt lagsølv då øvinga vart arrangert i Novosibirsk i Russland, saman med Tyldum, Gisle Fenne og Sylfest Glimsdal. Tidlegare i 1992-sesongen vart han nummer åtte og beste nordmann på 20 km under dei olympiske leikane i Albertville. Og 7. mars 1992, kort før avreisa til Novosibirsk, vann Løberg sin einaste verdscupsiger då han gjekk til topps på 10 km i Oslo.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff endre