Ivar Michal Ulekleiv (fødd 22. mai 1966) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Dombås. Han representerte Dovre Skiskytterlag.

Ivar Ulekleiv
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1966 (57 år)
Dombås
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1994

Ulekleiv tok NM-sølv på 10 km under NM 1989 i Sørskogbygda, gullmedaljen gjekk til Frode Løberg. Fire år seinare vann Ulekleiv 10 km ved NM i skiskyting 1993 i Hattfjelldal, etter prikkfri skyting og eit sterkt langrenn.

Saman med Sverre Istad, Jon Åge Tyldum og Frode Løberg utgjorde han det norske laget som tok sølv i lagkonkurransen ved VM i skiskyting 1991 i finske Lahti. Under Vinter-OL 1994 på Lillehammer vart Ulekleiv nummer 14 og beste nordmann på 10 km, og han gjekk ein av etappane på det norske stafettlaget som kom på sjuandeplass.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar