Opna hovudmenyen

Jon Åge Tyldum (fødd 26. oktober 1968) er ein tidlegare skiskyttar frå Snåsa. Han vann verdscupen i skiskyting i 1992 og 1995. Under VM 1993 tok han sølvmedaljen på 10 km, og sidan ein medalje av same valør på 20 km under VM 1995 i Antholz. I den sistnemnde meisterskapen vann han VM-gull med Noreg i lagtevlinga, elles fekk han to VM-sølv i lagtevlingar og ein i stafett, samt ein bronse i stafett. Pål Tyldum er farbror hans.

Jon Åge Tyldum
Fødd 26. oktober 1968
Snåsa
Yrke skiskyttar

AktivEndra

Tyldum fekk sine fyrste VM-medaljar under VM i skiskyting 1991 i Lahti. I lagtevlinga gjekk han saman med Sverre Istad, Frode Løberg og Ivar Ulekleiv Noreg inn til sølv, før han seinare i meisterskapen gjekk tredjeetappen for Noregs bronsevinnande lag, som elles bestod av Geir Einang, Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne. Tyldum var den jamnaste skiskyttaren i verda i OL-sesongen 1992 og vann verdscupen i skiskyting. Han lukkast derimot ikkje i vinter-OL i Albertville, men fekk på tampen av sesongen VM-sølv i lagtevlinga i Novosibirsk, dei andre på laget var Gisle Fenne, Sylfest Glimsdal og Frode Løberg.

Tyldum tok i 1993 VM-sølv på 10 km, bakom Mark Kirchner som representerte Tyskland. To år seinare sikra Tyldum seg i Antholz eit nytt individuelt VM-sølv, men då på 20 km. I same meisterskapen vart han verdsmeister med Noregs firemannslag i lagtevlinga; Frode Andresen, Dag Bjørndalen og Halvard Hanevold var dei andre på meisterlaget. Tyldum gjekk også til topps i verdscupen i skiskyting 1995, framom italienarane Patrick Favre og Wilfried Pallhuber.

Under VM i skiskyting 1997 fekk Tyldum sin sjuande og siste VM-medalje, då han gjekk andre etappen for Noreg på stafetten. Egil Gjelland gjekk den fyrste etappen, medan brørne Dag og Ole Einar Bjørndalen avslutta etter Tyldum, og yngstemann Bjørndalen syrgde for at det vart norske sølvgutar.

Tyldum la opp som skiskyttar i 1998.

KjelderEndra