Sverre Rotevatn

Sverre Rotevatn (fødd 17. januar 1977) er ein norsk, tidlegare kombinertløpar, fødd på Lillehammer, som var aktiv for Øystre Slidre IL frå 1998 til 2004. Han vart verdsmeister for Noreg i lagtevlinga under ski-VM 2001. Året etter fekk han sølvmedalje i noregsmeisterskapen på ski.

Sverre Rotevatn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1977 (44 år)
Lillehammer
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2002

AktivEndra

Rotevatn deltok for Noreg i alle tre kombinert-øvingane under VM 2001 i Lahti. Han vart nummer 27 i normaløvinga, men fekk likevel plass på det norske laget som sidan vann gull i lagtevlinga. Saman med Kenneth Braaten, Bjarte Engen Vik og Kristian Hammer syrgde han for norsk siger, elleve sekundar før Austerrike.

På nyåret 2002 gjorde Rotevatn sin beste prestasjon i verdscupen i kombinert, då han vart nummer åtte i eit renn i Schonach. Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City gjekk Rotevatn i mål til ein 13. plass, hans fremste plassering i internasjonale meisterskap. Han deltok også på det norske laget som vart nummer fem i lagtevlinga. Tidlegare i 2002-sesongen vann han i Høydalsmo si einaste NM-medalje, slått av Jan Rune Grave med 58 sekundar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskapEndra

Kjelder og bakgrunnsstoffEndra