Kristian Hammer (fødd 20. mars 1976) er ein norsk tidlegare kombinertrennar og seinare -trenar. Han vann bronsemedaljen i kombinert-sprinten under VM 2005 i Oberstdorf. Både i 2001 og 2005 var han med på Noregs firemannslag i kombinert-stafett og vann bronsemedalje ved begge høva. Gjennom dei to sesongane 2000 og 2001 sigra han i fire verdscuprenn. Dobbelt noregsmeister i 2003. Hammer er fødd i Narvik, oppvaksen på Setermoen i Bardu. Han, som representerte Eidsvold Værks Skiklubb, hadde sin styrke i langrennsløypa.

Kristian Hammer


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. mars 1976 (48 år)
Narvik
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Karriere endre

Hammer debuterte i verdscupen i kombinert i Liberec i januar 1995 og vart nummer elleve. Sesongen etter vart han i Asiago juniorverdsmeister i kombinert, og kom på sjuandeplassen i eit verdscuprenn i Trondheim på tampen av same sesongen. Gjennom 1997-sesongen stod han for fine prestasjonar i fire verdscuprenn og fekk sin fyrste pallplass i Val di Fiemme. Han vart då nummer tre på den italienske landsbygda, eit resultat han kopierte i Holmenkollen i 1998.

Hammer deltok ikkje i konkurransar i 1999, grunna sjukdom. Han kom tilbake i 2000-sesongen og slo seg då inn i verdseliten med sin fyrste verdscupsiger, i Sapporo, og tre tredjeplassar. Tre nye sigrar i verdscupen noterte han seg for i 2000/01-sesongen, men høgdepunktet kom då han gjekk Noreg inn til VM-gull i lagtevlinga i verdsmeisterskapen i Lahti. Dei andre på laget var Kenneth Braaten, Sverre Rotevatn og Bjarte Engen Vik. I dei individuelle tevlingane i meisterskapen vart Hammer nummer fem og sju.

Også i 2001/02-sesongen lova det godt for Hammer då han kom på tredjeplass i begge renna under opningshelga i verdscupen i finske Kuopio. Men desse tevlingane vart hans beste for sesongen. I vinterolympiaden i Salt Lake City var åttandeplassen i normaløvinga hans beste prestasjon. Hammer vart i 2003 nummer fem i normaløvinga med 15 km langrenn og nummer seks i halvprogrammet (7,5 km langrenn) under verdsmeisterskapen i Val di Fiemme. Han klarte ikkje å kome på pallen i noko verdscuprenn den sesongen, men i Lahti vart han nummer fire.

Etter ein 2004-sesong utan sterke prestasjonar, kom Hammer tilbake og fekk plass på det norske firemannslaget som gjekk til topps i lagtevlinga i ski-VM 2005 i Oberstdorf. Her fekk han æra av å gå sisteetappen og kom i mål vel sju sekundar føre Tysklands og Austerrikes ankermenn som tok dei andre medaljeplassane. Petter Tande, Håvard Klemetsen og Magnus Moan gjekk dei tre fyrste langrennsetappane for Noreg. I den siste kombinertøvinga i meisterskapen overraska Hammer med å gå inn til bronsemedalje, hans beste enkeltprestasjon i sesongen.

Midt i desember 2005 gjekk han i Ramsau inn til fjerdceplassen i eit verdscuprenn med massestart, men utover i OL-sesongen hamna han langt nede på resultatlistene og ved seongslutt i mars 2006 la han opp som kombinertrennar. Han gjekk så over i trenarroller for det norske kombinertlandslaget.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1997: Nr 3 i Val di Fiemme
  • 1998: Nr 3 i Holmenkollen
  • 2000: Nr 3 i Lahti
  • 2001: Vinnar på Lillehammer, i Reit im Winkl og Sapporo. VM-gull i lagtevlinga
  • 2001/02: To gongar nr 3 i Kuopio
  • 2003: Nr 5 i ski-VM i Val di Fiemme, nr i 4 verdscupen i Lahti
  • 2004: Nr 12 i Val di Fiemme og i Seefeld
  • 2005: Bronsemedalje i ski-VM i Oberstdorf. VM-gull i lagtevlinga

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuell årgangar

Bakgrunnsstoff endre