Sverre Walter Rostoft

norsk politikar

Sverre Walter Rostoft (12. desember 191226. mai 2001) var ein norsk industrileiar og politikar frå Glemmen i Østfold. Høgremannen Rostoft var industriminister i Borten-regjeringa (1965-71).

Sverre Walter Rostoft

Fødd12. desember 1912
Glemmen kommune
Død26. april 2001 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bedriftsleiar, forretningsdrivande, jurist
Alle verv

Liv og gjerning endre

Rostoft var son til skipper Georg Andersen i Glemmen i dagens Fredrikstad. Etter filologi-studiar i åra 1935–37 arbeidde Rostoft ved Nylands verksted i Oslo og sidan ved Kristiansands mek. verksted, der han var administrerande direktør i tida 1945-79. Samstundes med at arbeidde som direktør, fullførte han dei juridiske studiane sine og vart cand.jur. i 1947.

Ved stortingsvalet hausten 1953 vart Rostoft vald til stortingsrepresentant for Aust-Agder og partiet Høgre. Perioden 1954-57 var han medlem av Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, men trekte seg frå Stortinget allereie då fireårsperioden var over. Ved sidan av arbeidet ved Kristiansands mekaniske tok han del i styringa av næringslivsorganisasjonar, med leiande verv i Mekaniske Verksteders Landsforening og Skipsbyggerienes Landsforening. Perioden 1962-65 var han president i Norges Industriforbund. Attåt næringslivsverva hadde han ei lang rekke offentlege verv, både regionalt og nasjonalt.

Ved stortingsvalet i 1965 vart Rostoft på ny vald til representant for Vest-Agder. Han møtte ikkje i Stortinget for heile perioden, ettersom han ved danninga av Borten-regjeringa like etter valet vart utnemnd til industriminister. Rostoft leia Industridepartementet heilt fram til Borten-regjeringa gjekk av i mars 1971. Tida hans i Industridepartementet bar preg av stor aktivitet på mange område, mellom anna det som vart starten på norsk oljenæring. For å møte den nye næringa fekk han oppretta ei eiga oljeavdeling i Industridepartementet.

Rostoft var ein mann innstilt på samarbeid, sterkt prega av kristendom.

Kjelder endre