Svetlogorsk i Kaliningrad oblast
Svetlogorsk (russisk Светлого́рск, tysk Rauschen, litauisk Raušiai) er ein by i Kaliningrad oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved Austersjøen, rundt 35 km nordvest for Kaliningrad.
Svetlogorsk Светлогорск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Kaliningrad oblast | ||
Først nemnd i | 1258 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
11 054 | ||
Koordinatar | 54°56′00″N 20°09′00″E / 54.93333°N 20.15000°E | ||
Høgd over havet | 41 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 40153 | ||
Nettstad: www.svetlogorsk-admin.ru/ |
Historie
endreSvetlogorsk ligg i den historiske regionen Samland i Aust-Preussen. Ein gammelprøyssisk fiskarlandsby kalla Ruse-moter (tyder kjeller-området) på staden der Svetlogorsk ligg i dag vart første ogng nemnd i 1258. Den tyske riddarordenen erobra gradvis landet og forvrengte namnet til Rause-moter, Raushe-moter og til slutt; Rauschen.
Tidleg på 1800-talet var staden ein fasjonabel tysk feriestad. 24. juni 1820 vart det offisielt anerkjend som kurstad. Bygginga av Königsberg-banen i 1900 auka populatiteten til feriestaden. Ein kabelbane og ein galoppbane vart bygt i Rauschen før den andre verdskrigen.
I 1945 vart Rauschen erobra av Sovjetunionen. Byen vart ein del av Kaliningrad oblast og i 1946 vart bynamnet endra til Svetlogorsk.
Økonomi og næringsliv
endreHan er i dag ein populær sommerferiestad på grunn av sine strender, spa, klubbar og attraksjonar.
-
Vår i Svetlogorsk
-
Stranda i Svetlogorsk om vinteren
Bakgrunnsstoff
endre- Svetlogorsk si historie Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Svetlogorsk i Kaliningrad oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.