Denne artikkelen handlar om elva Swale i England. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Swale.

Swale er ei elv i Yorkshire i England. Ho er ein av dei større sideelvane til Ure, som så renn ut i Ouse og deretter Humber.

Swale
elv
Swale nær Richmond.
Land  England
Lengd 117,8 km
Kjelde Samløpet mellom Birkdale Beck og Great Sleddale Beck.
Munning Ure, ved Myton-on-Swale i North Yorkshire
Kart
Swale-elva
54°25′50″N 2°17′26″W / 54.43063333°N 2.29049722°W / 54.43063333; -2.29049722
Wikimedia Commons: River Swale, North Yorkshire

Elva har utspringet sitt høgt opp i Yorkshire Dales, ved grensa mellom North Yorkshire og Cumbria og ikkje langt frå staden der elva Eden startar. Det første stykket er ho berre ein bekk, og ho blir kalla eigenleg ikkje Swale før staden der Birkdale Beck og Great Sleddale Beck møtest.

Kisdon Force er ein av attraksjonane ved Swale

I nærleiken av landsbyen Keld kryssar ho Pennine Way, og renn så austover gjennom kalkåsane i Swaledale.

Etter fleire fossefall når ho Richmond, der ho passerer Richmond slott og travbanen i Catterick. Ho vender så mot sør i Vale of Mowbray, der elva Wiske renn inn i ho frå Northallerton og Cod Beck frå Thirsk. Ho renn så inn i Ure rett austom Boroughbridge, på ein stad som blir kalla Swale Nab.

Swale seiast å vere den raskaste rennande elva i England.

Kjelder

endre