Eden er ei elv i Cumbria i England. Ho startar sør for Kirkby Stephen, og renn ut i havet ved Solway Firth. Den totale lengda er omkring 145 km.

Eden
elv
Eden i Appleby i Westmorland
Namneopphav: keltisk vatn eller strøymande
Land  England
Tilløp
 - venstre Caldew
 - høgre Irthing
Lengd 145 km
Middelvassføring 51,82 /s
Kjelde
 - stad Mallerstang
Munning
 - stad Solway Firth
 - koordinatar 54°56′47″N 3°3′47″W / 54.94639°N 3.06306°W / 54.94639; -3.06306
Kart
Eden i Cumbria
54°23′23″N 2°17′47″W / 54.389722222222°N 2.2963888888889°W / 54.389722222222; -2.2963888888889
Wikimedia Commons: River Eden, Cumbria

Elva har utspringet sitt i området mellom Lake District og Penninane. Det første stykket har dalen ho renn gjennom, kjent som Eden Valley, bratte sider. Når ho når Appleby-in-Westmorland opnar dalen seg, og Eden tek imot vatn frå ei rekkje mindre bekker som renn ut frå Penninane i aust og frå elver som renn frå sjøane i vest. Blant sideelvane hennar finn ein Lyvennet, Leith og Eamont.

Ho heldt fram nordover forbi fornminnet Long Meg and Her Daughters, og gjennom dei tynt folkesette jordbruksområda i Cumbria. Etter å ha runne gjennom Wetheral går ho gjennom Carlisle, og møter Caldew ved Hadrianmuren. Ho renn så ut i Solway Firth ikkje langt frå munningen til Esk.

Eden nedanfor Wallace Field

Romarane kalla elva Ituna. Ho har gjeve namn til Eden Valley og til distriktet Eden.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Eden i Cumbria