Sweet Thing
Song av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
Utgjeve 24. april 1974
Innspelt Olympic og Island Studios i London
Ludolf Studios i Hilversum i Nederland
januar - februar 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 3:39
2:31 (reprise)
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie

«Sweet Thing» er ein song skriven av David Bowie for albumet Diamond Dogs i 1974. Songen vart spelt inn i januar 1974 og er delt i to med «Candidate» i midten.

I opningslinja syng Bowie den lågaste tonen han nokon gong song på eit studioalbum (C2) fram til «I Took a Trip on a Gemini Spacecraft» på albumet Heathen (2002), der han går heilt ned til G1 på ordet «Well» mot slutten av songen.[1]

Tony Newman, som spelte trommer på det meste av albumet, og hugsa at Bowie skrudde av alle lysa i studio, utanom det rett over mikrofonen sin. Så Bowie song «Sweet Thing» under dette lyset, medan musikarane rundt han sat i skuggen.[2] Bowie instruerte musikarane sine som skodespelarar. For dei første 32 taktane av «Candidate», fram til Bowie syng «the blood of les Tricoteuses», bad han Newman om å spele trommevirvlar som om han var ein fransk trommegut som såg på den første giljotin-avrettinga under den franske terrortida.[2]

Songen opnar med tretti sekundar med langsame bølgjer av lydband som er spelt av baklengs. Reprisen vert avslutta med eit minutt med «musikalsk vald».[2]

Under Diamond Dogs-turneen song Bowie «Sweet Thing»-suiten frå ein catwalk over scenen.

«Tragic Moments/Zion/Aladdin Vein» endre

Ein song som no vert kalla «Zion» finst på mange piratkopialbum med titlane «Aladdin Vein», «Love Aladdin Vein», «A Lad in Vein»,[3] og «A Lad in Vain».[4] Med delar som minnar om «Aladdin Sane» og det som skulle verte «Sweet Thing (Reprise)» på Diamond Dogs, vert dette instrumentalstykket ofte rekna for å vere spelt inn under innspelinga av Aladdin Sane i Trident Studios tidleg i 1973. Nyare estimat har derimot datert han til innspelinga av Pin Ups seinare på året. Forfattar Nicholas Pegg meiner derfor at det kanskje meir bør reknast som ein Diamond Dogs-demo enn eit opptak frå Aladdin Sane-innspelinga.[3] Ein artikkel frå 1973 om Bowie som spelar inn Pin Ups i Frankrike skildrar songen, som ser ut til å stadfeste teorien til Pegg:

« David bad lydteknikar Andy om å køyre ein rask miks av det neste prosjektet. No dette er verkeleg noko - det neste albumet til Bowie med nye songar. «Det er ikkje vokal på han enno - berre meg som la-la-la'er. Det kjem til å verte ein musikal i ein akt kalla 'Tragic Moments' som truleg kjem til å gå over to sider.» Me lytta til kanskje sju minuttar av denne musikken. Eg er forvirra. Kontrasten mellom 'Tragic Moments' og PINUPs kunne ikkje vore større. Den førstnemnde er særs arrangert, forsiktig endrande musikk med eit tøtsj av vaudeville: Pianoet til Mike Garson blenkjer her og der som kvikksølv. Kanskje det næraste ein har kome før er tittelsporet på Aladdin Sane.[5] »

Medverkande endre

Konsertversjonar endre

  • Eit konsertopptak (som inneheldt «Candidate» og «Sweet Thing (Reprise)») frå 1974-turneen finst på David Live. Eit anna opptak frå 1974 finst på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.

I ein konsertversjon[6] syng Bowie den første linja, den låge C2-tonen, litt meir tydeleg. Skeptikarar har skulda Bowie for å fiksa vokalen i studio, slik at han kunne nå den låge tonen, men konsertopptaket syner at han er mogeleg å synge så lågt.

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Kristobak, Ryan (20. mai 2014). «Comparing The Top Artists, Past And Present, By Vocal Range». The Huffington Post. Henta 22. mai 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Chris O’Leary. «Reissues: Sweet Thing—Candidate—Sweet Thing (Reprise)». Pushing Ahead of the Dame. Henta 12. februar 2016. 
  3. 3,0 3,1 "The Complete David Bowie: Zion". Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.249-250
  4. Naked & Wired at Bassman's David Bowie Page, arkivert frå originalen 17. februar 2001, henta 5. mai 2011 
  5. Martin Hayman (oktober 1973). «Outside David Bowie... is the closest you're gonna get». Rock Magazine. 
  6. http://www.youtube.com/watch?v=D1j9sD3mHJE

Bakgrunnsstoff endre