Ernest Lawrence

amerikansk fysikar

Ernest Orlando Lawrence (8. august 190127. august 1958) var ein amerikansk fysikar med norske anar (Lavrants i Seljord). I 1929 utvikla han syklotronen, ein type partikkelakselerator. For denne oppfinninga vart han tildelt Nobelprisen i fysikk i 1939.

Ernest Orlando Lawrence

Ernest Orlando Lawrence
FøddErnest Orlando Lawrence
8. august 1901
Canton i Sør-Dakota
Død27. august 1958 (57 år)
Palo Alto i California
BustadUSA
NasjonalitetAmerikansk
OmrådeFysikk
YrkeFysikar
InstitusjonarYale University
University of California
Alma materUniversity of South Dakota
University of Minnesota
Yale University
DoktorgradsrettleiarW.F.G. Swann
DoktorgradsstudentarEdwin McMillan
Chien-Shiung Wu
Kjend forOppfinninga av syklotronet, ein partikkelakselerator
Elementær partikkelfysikk
Manhattanprosjektet
UtmerkingarElliott Cresson-medaljen (1937)
Hughesmedaljen (1937)
Nobelprisen i fysikk (1939)
Faradaymedaljen (1952)
Enrico Fermi-prisen (1957)
EktefelleMary K. Blumer
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Indias nasjonale vitenskapsakademi
National Academy of Sciences

Han var frå 1930 professor i fysikk ved University of California og frå 1936 òg direktør for The Radiation Laboratory i Berkeley, no kalla The Lawrence Radiation Laboratory. Lawrence var ein av dei første fysikarar som byrja å interessere seg for kjernefysiske akseleratorar. Mest kjend er han for oppfinninga av syklotronen i 1931. For denne oppfinninga, for bidrag til den vidare utviklinga av syklotronen og produksjonen av radioaktive isotopar, fekk han 1939 Nobelprisen i fysikk.[1]

Han bidrog òg til utviklinga av lineærakseleratoren. Under den andre verdskrigen arbeidde han med prosjekt for separasjon av uranisotopen 235U, noko som hadde stor tyding for utviklinga av kjernefysiske bombar. Etter krigen var han engasjert med utviklinga av større akseleratortyper: synkrosyklotron og synkrotron, og stod mellom anna for bygginga av ein 6 GeV synkrotron, den såkalla bevatronen, på den tida den største akseleratoren i verda.

Grunnstoff nummer 103, lawrencium, er kalla opp etter han.

Prisar (utval)

endre

Kjelder

endre

  1. «Nobelprisen i fysikk 1939» (på englelsk). Nobelprize.org. Henta 8. februar 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ernest Lawrence