Sylfest

mannsnamn

Sylfest og Sølfest er norsk mannsnamn. Sylfest har namnedag den 31. desember i Noreg.

Sylfest Lomheim.

Namna er former av det latinske namnet Silvester, som tyder 'frå skogen'. Dei har vore mest nytta i Oppland og på Vestlandet.

Bruken av namnet i Noreg endre

I folketeljinga i 1801 vart vel 110 personar manntalsførte med namnet, i ulike skrivemåtar, som Søl(v)fæst, Syl(v)fest eller Silfest. I folketeljinga i 1900 vart knapt 200 manntalsførte med namnet.

I 2008 var det berre 32 som hadde «Sylfest» til første fornamn, og berre 8 heitte «Sølfest». Samstundes var det 4 som hadde namnet i den latinske forma «Silvester» og 28 med den engelske namneforma «Sylvester».

Her er det en som heter Sylfest Lomheim. Han må vi ha!

NRK-tilsett.

«Sylfest» i kulturen endre

Språk- og mediamannen Sylfest Lomheim er truleg den best kjende namneberaren i Noreg. Han har fortald i eit intevju at han skal ha fått jobb i NRK på grunn av det uvanlege namnet.

«Sylfest Strutle» var namnet på ein av Harald Heide-Steen jr. sine figurar, ein «strutlenorsk»-talande nynorskparodi.

Kjende namneberarar endre

Sylvester:

Kjelder endre