Sylfest Glimsdal (fødd 9. oktober 1966) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Fagernes. Han fekk VM-gull med Noreg i lagøvinga i 1999 og VM-sølv i same øvinga i 1992, samt VM-bronse i stafett i 1989. I 1992-sesongen vart han nummer tre i verdscupen i skiskyting.

Sylfest Glimsdal
Fødd 9. oktober 1966 (53 år)
Time
Yrke skiskyttar

AktivEndra

Under VM i skiskyting 1989 gjekk Glimsdal andreetappen det norske stafettlaget som tok bronsemedaljar, dei andre på laget var Geir Einang, Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne.

I 1992-sesongen kom Glimsdal på tredjeplass samanlagt i verdscupen i skiskyting, etter landsmannen Jon Åge Tyldum og svenske Mikael Löfgren. Under VM same året, arrangert i Novosibirsk, fekk han sølv i lagøvinga saman med Gisle Fenne, Frode Løberg og Jon Åge Tyldum.

I sin siste sesong som aktiv på toppnivå, 1998, gjekk han saman med Ole Einar Bjørndalen, Egil Gjelland og Halvard Hanevold Noregs lag inn til VM-tittel i lagøvinga.

KjelderEndra