Sylte kyrkje er ei kyrkje frå 1863 på strandstaden Sylte i Valldal i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Norddal kommune eig kyrkja. Dette er ei av to kyrkjer i Norddal kommune sokn, den andre er Norddal kyrkje.[2] Sylte er ein gamal kyrkjestad det har vore ei tidlegare kyrkje på noverande tomt og minst ei kyrkje før det igjen ein stad på Syltebøen.

Sylte kyrkje
Sylte kirke
Foto: Halvard Hatlen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Fjord
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Austre Sunnmøre
Sokn Norddal
Fellesråd Storfjorden
Stad Sylte i Valldal
Type langkyrkje
Arkitekt Nils Liaaen/J.W. Nordan
Teknikk Tømring, panel
Material Tre og skifer
Innvigd 5. november 1863
Tårn klokketårn over våpenhus
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol ja
Døypefont ja
Altartavle Jesus i Getsemane av P. C. Thurman/Gustave Doré
Sitjeplassar 350[1]
Diverse galleri, orgel (1973)
Kart
Sylte kyrkje
62°17′58″N 7°15′47″E / 62.299444444444°N 7.2630555555556°E / 62.299444444444; 7.2630555555556
Wikimedia Commons: Sylte kirke

Arkitektur og interiør endre

 
Sett frå nord.

Sylte kyrkje er ei langkyrkje med eit korparti noko smalare enn skipet, tårnet står over våpenhuset. Hovudinngang gjennom våpenhuset frå vest, sideinngangar midt på skipet.[3]

Byggverket er i tømmer med liggande bordkledning utvendig og har 350 plassar. Skipet måler 17 m x 11,6 m, koret 5,6 x 7,8 og våpenhuset 4,6 x 7,7. I skipet er galleri som kviler på tresøyler. Ho vart restaurert i år 2000.[4] Det er kyrkjegard omkring kyrkja. Ei stor steinhelle brukt som alter i Døving kapell frå katolsk tid er oppstilt inne i kyrkja. Kyrkja står i aust-vest retning med hovudinngangen og klokketårnet i den vestlege enden. I følgje bygdeboka[5] er det litt uklart kven som var arkitekt, men skipsbyggaren Nils A. Liaaen fekk 10 daler i betaling for «Tegning til Sylte Kirke» og arkitekt Jacob Wilhelm Nordan gjorde nokre endringar på den første teikninga. Etter Nordans endringar vart det 12. november 1862 gitt kongeleg løyve til nybygget. Originalteikningane og referata gjekk tapt då arkivet brann i 1911[6] Sylte kyrkje liknar svært på Sunnylven kyrkje og Liaan (som var frå Ljøen ved Hellesylt) var truleg inspirert av den nye kyrkja på Hellesylt.[7]

Byggmeister var Gjert Lien frå Nordfjord. Den såkalla kyrkjeteigen i Selboskarbygda vart nesten snauhogd for å skaffe nok tømmer. Byggjearbeidet tok til i april 1863 og kyrkja vart vigsla 5. november 1863. Kyrkjeklokka har årstalet 1866 og er støypt av John Warnes & Sons, London. Altartavla viser Jesus i Getsemane måla av Peder Cappelen Thurmann (kopi av Gustave Dorés måleri). Thurmann var svoger til Nils Astrup, den dåverande soknepresten i Norddal.

Kyrkja fekk 600 sitjeplassar sjølv om minstekravet var 342.[8]

Historie endre

Sjølv om denne kyrkja er relativt ny, er det grunn til å tru at Sylte er ein gamal kyrkjestad.[9] I lang tid var Døving kapell den einaste kyrkja i Valldal, men i 1812 vart kapellbygget flytta frå Døving til Sylte (erstatta 1863 av det kyrkjebygget som står no). Samstundes er det gode prov for at det frå katolsk tid og til ut på 1600-talet stod ei kyrkje (mest sannsynleg ei stavkyrkje) ein stad på Syltebøen.[10] I Trondhjems Reformats 1589 står «Dals kircke» ligg frå hovudkyrkja (Ørskog på den tida) «3 wegsøe wdi øster» («wegsøe» var ei gamal sjømil på om lag 9 km) og samstundes at Døving kapell ligg ½ mil «till landz fra Dall» kyrkje.[11] Kapellet på Døving stod om lag 4 km frå Sylte. I 1589 var Sunnmøre delt i fire prestegjeld der Sylte (Dals) kyrkje med Døving kapell, Sunnylven kyrkje og Geiranger kapell var eit residerande kapellani under Ørskog hovudkyrkje.[12]

Sylte var kyrkjestad for kommunen til 1620 og prestegard til 1694. «Ulukkesnatta» 6.februar 1679 gjekk det mange store snøras på Nordvestlandet (hovudsakleg Sunnmøre). I Valldal vart elva oppdemt av skred ovanfor Sylte som vart rasert då elva braut seg nytt far, prestegarden og kyrkjegarden vart vaska på sjøen slik at alle spor i dag er borte. Berre i Norddal kommune omkom 70 personar i snøskred denne natta.[13] Kyrkja vart flytta over fjorden i sokneprest Arne Eivindsens tid, kort etter flyttinga kjøpte presten Arne også garden Relling like ved den nye kyrkjestaden på Dale. Misnøye med Syltegarden og skadane etter ulukkesnatta kan vere bakgrunn for at også prestegarden vart flytta over fjorden.[14]

Hans Strøm skriv i 1766 om kyrkjebygget på Dale (også kalla Norddal kyrkje), det bygget som stod på Sylte til omkring 1620: «Kirken bestaaer kun af Staver, og af een Længde, som er alt for smal og uproportioneret imod Bredden; hvilket kommer deraf, at Kirkens gamle Chor blev i Aaret 1686 for des meere Rummeligheds Skyld lagt til hoved-Bygningen, og denne igjen forøget med et nyt Chor.»[15]

Bygdeboka[16] har ikkje sikre kjelder for når det første gongen var kyrkja på Sylte, men gissar på at kunne ha vore så tidleg som år 1100 etter at kyrkjebygginga skaut fart under Olav Kyrre. Bygdeboka siterer også P.A. Munch som nemner ein Isak Prest fødd litt før år 1200, denne Isak kan ha arva Sylte etter faren Jon eller farfaren «Asgautr Raud á Sult» (Asgaut Raude på Sylte). Den første skriftlege kjelda er Aslak Bolts jordebok (kring 1430) som nemner både «Sulta kirkju sokn» og «Dals kirkju sokn». Bygdeboka[17] siterer P.A. Munch som meiner dette må vere en skrivefeil av ein uten lokalkunnskap slik at Sylte og Dal var to namn for ei og same kyrkje. Innanfor Sylte kyrkjesokn reknar Aslak Bolt opp følgjande gardar: Hole i Geiranger, Veiberg (i Eidsdal), Engeset, Myklebust i Emmedalen, Bjørstad, Eide, Linge, Døving og Uri. For «Dals» kyrkjesokn nemner jordeboka berre garden «Soolbergom» (Selboskar på nordsida av Tafjorden).[18] Bygdeboka understrekar også at «Dal» eller «Dalr» på den tida var namnet for Norddal. Dette blir i følgje bygdeboka stadfesta i Olav Engelbrektssons jordebok og der er berre «Daell sogn» oppført. Bygdeboka reknar med at det eldste kyrkjebygget på Sylte var stavkyrkje som alle trekyrkjer var på den tida.

Kyrkjebygget vart kommunal eigedom i 1879.[19]

Referansar endre

  1. http://www.kirkesok.no/kirker/Sylte-kyrkje-Valldal oppgir 350 sitjeplassar, ikkje 600 som tidlegare, lese på nett 5.jan 2013.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 26. november 2011 
  3. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.26
  4. http://www.kulturnett.no/moreogromsdal/kulturminner/kulturminne.jsp?id=T11004317&lang=no_NO
  5. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.24
  6. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune.
  7. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur (foto: Per Eide). Bla: Larsnes.
  8. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune, s.114.
  9. http://loype.kulturminneaaret2009.no/kulturminneloyper/heilag-olav-i-valldal-1/sylte-kyrkje
  10. Grunn og gror. Kultursoge (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976
  11. Anne-Marit Hamre (red.): Trondhjems Reformats 1589 og Oslo domkapitels jordebok 1595, Norske kyrkjelege jordebøker etter reformasjonen, Bd. II., Norsk Historisk Kjeldeskrift-Institutt, 1983, s.64.
  12. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.14
  13. Furseth, Astor (2006): Skredulykker i Norge. Tun forlag.
  14. Furseth, Astor (1994): Kyrkjebjørka. Årbok for Norddal.
  15. Strøm, Hans (1766): Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, beliggende i Bergens Stift i Norge. Kiøbenhavn, s.258-259.
  16. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.12
  17. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.13
  18. Aslak Bolts jordebok. Utgitt ved Jon Gunnar Jørgensen. Oslo: Riksarkivet, 1997.
  19. Furseth, Astor (1987): Norddal i 150 år. Valldal: Norddal kommune.

Bakgrunnsstoff endre

  • Sylte kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren