Opna hovudmenyen

Sylvain Guillaume (fødd 6. juli 1968) er ein fransk, tidlegare kombinertløpar frå Champagnole i Jura som vann OL-sølv i øvinga i 1992 og VM-bronse i 1995. I 1998 var han med på Frankrikes bronselag i lagtevlinga under olympiaden i Nagano. Han vann eitt verdscuprenn og stod på pallen fem gongar i same.

Sylvain Guillaume
Sylvain Guillaume.jpg
Fødd 6. juli 1968
Champagnole
Yrke kombinertløpar
Sylvain Guillaume på Commons

AktivEndra

Guillaume debuterte i verdscupen i kombinert i 1988 med ein 12. plass i slutten av mars månad. Nokså nøyaktig eitt år seinare gjorde han sin klart beste prestasjon til dess, då han vart nummer fire i Thunder Bay i Canada.

Etter to svake sesongar presterte Guillaume på eit heilt anna nivå då vinterleikane 1992 gjekk av stabelen i heimlandet og Albertville. Her vann han sølvmedaljen i kombinert, landsmannen Fabrice Guy vann rennet og vart olympisk meister. I lagtevlinga vart Frankrike nummer fire. Dei neste to sesongane var Guillaume ikkje i stand til å måle seg mot den ypparste verdseliten i øvinga. Han vart likevel såpass bra som nummer ni under OLLillehammer i 1994.

Også i 1995-sesongen hamna han nede på resultatlistene i verdscupen, men overraska stort og tok bronsen under VM 1995 i Thunder Bay, berre norske Fred Børre Lundberg og finske Jari Mantila var betre.

Guillaume vann den 20. januar 1996 sitt einaste verdscuprenn, med Kenji Ogiwara og Knut Tore Apeland på dei neste plassane. I ski-VM 1997 i Trondheim vart han nummer 19. Under OL 1998 i Nagano var Guillaume med på det franske laget som fekk bronse i lagtevlinga. Sjølv kom han på niandeplass i det individuelle rennet undr olympiaden, same plasseringa fekk han i normaløvinga i ski-VM 1999 i Ramsau.

Dei siste tre år han var aktiv, 2000-02, var han på ingen måte i stand til å hamle opp mot verdseliten i kombinert.

KjelderEndra