Kenji Ogiwara (fødd 20. desember 1969) er ein japansk, tidlegare kombinertløpar og seinare politikar frå Kusatsu. Han vart verdsmeister i nordisk kombinert både i 1993 og 1997, og tok ein bronsemedalje i kombinertsprinten i 1999. Perioden 1992-95 vann Japan, med Kenji Ogiwara på laget, fire strake gullmedaljar for lag i to olympiske meisterskap og to verdsmeisterskap. Han vann 17 verdscuprenn og fekk i tillegg tolv andreplassar og to tredjeplassar.

Kenji Ogiwara


Statsborgarskap Japan
Fødd 20. desember 1969 (54 år)
Kusatsu
Idrett kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

Kombinertløparen Tsugiharu Ogiwara var tvillingbror hans.

Aktiv endre

Kenji Ogiwara debuterte i verdscupen i kombinert på tampen av 1991-sesongen, i sveitsiske St. Moritz vart han nummer ti. Han oppnådde ein fjerdeplass i eit verdscuprenn i Breitenwang i januar 1992, før han kom på sjuandeplass under vinterleikane i Albertville. Den 9. februar gjekk han Japan inn til OL-gull i lagtevlinga i kombinert, dei andre på laget var Reiichi Mikata og Takanori Kōno. Denne gullmedaljen var den fyrste av fire strake til Japan i lagtevlinga. I ski-VM 1993 i Falun paraderte Ogiwara i mål, over tre og eit halvt minutt føre sølvlaget frå Noreg. Både i 1993, under vinter-OL 1994 og i VM 1995 hadde Ogiwara med seg førnemnde Kono og Masashi Abe på laget. I 1995 var tevlinga utvida til å gjelde fire mann, Ogiwara sin tvillingbror Tsugiharu Ogiwara kompletterte då laget.

Kenji Ogiwara vart dobbelmeister i Falun i 1993, då han vann ein overlegen siger i den individuelle kombinertøvinga, han var i mål over halvtanna minutt før sølvmedaljøren Knut Tore Apeland frå Noreg. Han vart så nummer fire i kombinert i vinterleikaneLillehammer i 1994, og nummer fem i verdsmeisterskapen på ski i Thunder Bay i 1995. Ogiwara vart så i 1997 verdsmeister individuelt for andre gong. Under vinter-OL på heimebane i Nagano i 1998 lukkast han ikkje heilt og måtte nøye seg med ein fjerdeplass individuelt. Heller ikkje i lagtevlinga i kombinert vart det japansk OL-medalje.

Frå 1999 var det to individuelle kombinertøvingar i dei store meisterskapa. Ogiwara vann bronsemedaljen i sprintøvinga under VM 1999 i Ramsau og vart nummer seks i normaløvinga. To år seinare vart han høvesvis nummer fem og sju i dei to øvingane under ski-VM 2001 i Lahti. I sin siste meisterskap, vinter-OL 2002 i Salt Lake City, vart han nummer elleve.

I 1995 vart Ogiwara tildelt Holmenkollmedaljen.

Verdscupsigrar endre

Nr. Dato Stad Land
1 5. desember 1992 Vuokatti  
2 12. desember 1992 Courchevel  
3 19. desember 1992 St. Moritz  
4 23. januar 1993 Saalfelden  
5 5. mars 1993 Lahti  
6 20. mars 1993 Štrbské Pleso  
7 4. desember 1993 Saalfelden  
8 11. desember 1993 St. Moritz  
9 15. desember 1993 St. Moritz  
10 8. januar 1994 Schonach  
11 22. januar 1994 Trondheim  
12 10. januar 1995 Val di Fiemme  
13 14. januar 1995 Liberec  
14 3. februar 1995 Falun  
15 9. februar 1995 Oslo  
16 18. februar 1995 Bad Goisern  
17 23. mars 1995 Sapporo  
18 13. januar 1996 Štrbské Pleso  
19 10. februar 1996 Chaux-Neuve  

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Kenji Ogiwara – Profil og resultatoversikt hos FIS

Bakgrunnsstoff endre