Sylvain Wiltord

fransk fotballspelar

Sylvain Wiltord (fødd 10. mai 1974) er ein fransk tidlegare fotballspelar frå Neuilly-sur-Marne som var med å vinne EM 2000 med Frankrike. Kantspelaren deltok i 92 landskampar og vart kåra til årets spelar 1999 i Frankrike.

Sylvain Wiltord
Fødd 10. mai 1974
Fødestad Neuilly-sur-Marne

Klubbspel endre

Wiltord var aktiv 1992-97 i Rennes, ein klubb som rykte opp i den franske toppserien i 1994. Sommaren 1997 vart han overført til Girondins Bordeaux, der han i sin andre sesong var med å vinne serien og samstundes vart toppskårar i same. I august 2000 vart han overført til London-laget Arsenal FC for heile 13 millionar pund. Med Arsenal vann Wiltord «the double» i 2002, FA-cupen 2003 og ligaen i 2004. Etter å ha fått mindre speletid i 2003/04-sesongen skreiv Wiltord sommaren 2004 kontrakt med Olympique Lyon i heimlandet. Her hadde han stor suksess og vart fransk seriemeister alle dei tre sesongane han gjorde teneste i Lyon. Sidan spelte han to sesongar på Rennes og hadde kortare periodar i Olympique Marseille, FC Metz og FC [[Nantes].

Landslagsspel endre

Wiltord fekk sin landslagsdebut då Frankrike 10. februar 1999 slo England 2-0 på Wembley stadion i London. Han spelte alle kampane under EM i fotball 2000. I EM-finalen mot Italia utlikna han i sluttsekundane av ordinær tid til 1-1, noko som gav Frankrike høve til å vinne 2-1 etter ekstraomgangar gjennom David Trézéguet sin «golden goal». Wiltord var også med då Frankrike gjorde to svake turneringar, Fotball-VM 2002 og Fotball-EM 2004. Betre gjekk det i VM i fotball 2006 der han spelte i alle kampane, oftast som innbytar. Så også i VM-finalen, ein kamp som enda med straffeskyting og italiensk trumf. I november 2006 spelte Wiltord sin 92. og siste landskamp, han skåra 28 mål for Frankrike.

Merittar endre

  • Europameister 2000 med Frankrike
  • VM-sølv: 2006 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1999 med Bordeaux, 2005, 2006, 2007 med Lyon
  • Engelsk seriemeister 2002 og 2004 med Arsenal FC
  • FA-cupmeister: 2002 og 2003 med Arsenal FC

Kjelder endre