Symjerikser

fuglefamilie

Symjerikser Heliornithidae, er ein biologisk familie av tre artar tropiske fuglar i ordenen tranefuglar, Gruiformes. Dei tre artane flekksymjerikse, gulnebbsymjerikse og dvergsymjerikse finst i tre ulike verdsdelar, Afrika, Asia og Amerika høvesvis. Dei liknar rikser.

Symjerikser
Flekksymjerikse Podica senegalensis
Flekksymjerikse Podica senegalensis
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Symjerikser Heliornithidae
G. R. Gray, 1840

Skildring

endre

Desse fuglane har hudlappar på tærne slik som dukkarar og lommar har, dei har lang hals, slank kropp, brei hale og eit tynt rettpeikande nebb. Til skilnad frå lommar kan symjeriksene gå bra på bakken, til og med flytte seg fort til fots.[1] Det er ikkje ofte ein kan høyre rop frå dei, men dei har eit utval av lydar i repertoaret. Storleiken varierer frå 28—31 cm for dvergsymjeriksa[2] til 45–66 cm for flekksymjeriksa.[3]

Symjerikser er vassfuglar som lever i mange habitat i tropane der det finst vatn og skjul. Det er uklårt kvifor skjul er så vektig for symjerikser, men dei er særs sky og vert ofte oversett. Leveområde strekkjer seg frå bekker ved kysten til bekker i høgland med straum, oftast finn ein dei på vatn som berre renn sakte. Dei nyttar også vatn i sumpar, i siv, mangrovar og skogsområde. Symjerikser er territoriale, mest sannsynleg gjennom heile året, og heilt sikkert i hekketida. Ein trur ikkje dei gjennomfører regelbundne migrasjonar, men somme fuglar spreier seg regelmessig, og dei er raske til å kolonisere nye område av eigna habitat.

Symjerikser beitar på et breitt utval av mat, insekt av ulike slag er oftast observert som diett. Det finst lite presis informasjon om kosthaldet, men det er gjort registreringar av følgjande ingrediensar i dietten: blautdyr, krepsdyr, edderkoppar, froskar, fisk og nokre blad og frø. Dei vil ikkje dukke for å skaffe mat slik som dukkarar gjer, i staden plukkar dei bytte på vassoverflata.

Forplanting

endre

Alle tre artane har ein tendens til å hekke etter regntida, nøyaktig tidspunkt vil avhenge av det lokale klimaet. Hekkevanane til den asiatiske gulnebbsymjeriksa er nesten heilt ukjente. Alle tre artane syner endringar i utsjånaden før hekketida, gulnebbsymjeriksa utviklar ein kjøttfull utvekst ovanfor nebbet, og fjørdrakta til hannfuglen av den afrikanske flekksymjeriksa og til hoa av den amerikanske dvergsymjeriksa vert òg endra. Det er variasjonar innanfor denne familien i fleire aspekt av hekkinga, hos dvergsymjeriksa deler kjønna på oppgåvene ved reirbygging og ruging, hos flekksymjeriksa er det berre hofuglen som rugar. Reiret til alle tre artane er ei lite forseggjort skål av pinnar, kvister og siv skjult av overhengjande vegetasjon ved vatn.[1]

Artar

endre

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Archibald, George W. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 99–100. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  3. Zimmerman, Dale A.; Donald A. Turner; David J. Pearson (1. juli 1999). Birds of Kenya and Northern Tanzania. Princeton University Press. ISBN 0691010226. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Symjerikser