Synagogen i Trondheim

Den noverande synagogen i Trondheim vart innvigd i 1925.

Synagogen i Trondheim

Stilnyklassisistisk arkitektur
Kart
Synagogen i Trondheim
63°25′35″N 10°23′34″E / 63.426359°N 10.392838°E / 63.426359; 10.392838

Historie

endre

Bygningen vart bygd som jarnbanestasjon i 1864, men vart seinare kjøpt av Frelsesarméen. Det Mosaiske Trossamfund kjøpte så bygningen i 1924, og etter omfattande ombyggingsarbeid vart den nye synagogen innvigd tysdag kveld den 13. oktober 1925. Samtidig vart den gamle synagogen i St. Jørgensveita nedlagd.

Under krigen vart synagogen konfiskert av nazistane (1941), og dei gjorde mykje skade på interiøret. Etter omfattande reparasjon vart synagogen attinnvigd hausten 1947.

I 1997 vart det jødiske museet opna i eit rom i synagogebygningen. Restitusjonsfondet gjorde det mogleg å utbetre bygningen, og frå sommaren 2000 vart det gjort omfattande restaurering og ominnreiing av 1. etasje. Synagogen vart attopna i 2001 med bibliotek, multimediasenter og eit kraftig opprusta jødisk museum.

 
Hovudrommet i synagogen i Trondheim.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Synagogen i Trondheim