Ein tømmerkistedam (kistedam, tømmerkiste) er ei demning lafta av rundtømmer.

Tømmerkistedam i Vefsn

Tømmerkista har to lafta tømmerveggar. Veggen mot vatnet og nedveggen er bundne i hop med tverrstokkar. Til nedveggen er dei låste fast til tømringa med vanlege lafteknutar. Oppstraums, på vassida, går tverrstokkane berre halvvegs inn i tømringa, slik at dei ikkje punkterer dammen. Tverrstokkane fungerer også som golvåsar i steinkistene. Steinkistene er fylte med store steinar som pressar tømmerstokkane ned og saman.

Ofte er slike dammar bygd med ein tetning på vassida. Tetningen er laga av ståande plank med not og fjør – gjerne dobbel not og fjør. Når denne planken vert driven ned i undergrunnen, blir dammen tett. Endå viktigare er det at tetningen hindrar isen i å få tak i tømringa og arbeide han sund.

Historisk bruk endre

Denne måten å byggje demningar på er kjent frå 1600-talet, og det var den vanlegaste damkonstruksjonen då fløytingsvassdraga vart utbygde på 1800-talet. Den høver særleg godt om grunnen er laus og det vil vere vanskeleg å lage fundament for ein steindam.

Dei enklaste dammane var brukte til demme opp utslåtte-enger, så engene kunne bli overfløymde ved vår- og regnflaum. Det hende at folk sette opp ein dam, så vatnet stod 30–40 cm over enga. Før dei slo, sleppte dei så vatnet. Dei kalla slik slått damslått. Denne driftsmåten har vore vanlegare i Sverige enn i Noreg (svensk: silängar, dammängar).

Meir kjend i Noreg er oppdemming av småtjern for å ha vatn til mølle eller sagbruk. Når vatnet vart sleppt, auka flaumen i bekken slik at dei fekk vatn på mølla. Der tilhøve låg til rette for det, har dei fleste gardane hatt eiga vassdriven sag eller mølle.

Etablering av tresliperia i 1870-åra førte til at tømmerfløytinga auka i omfang. Utbygging av fløytingsvassdraga vart organisert av tømmerkjøparane. Det vart investert mykje i å få effektiv fløyting av tømmeret, og tømmerkister vart brukt i fløytingsdammar og elveforbygningar.

Tømmerkister i vår tid endre

 
Lafting av kistedam

Det er bygd kistedammar i vår tid òg. Då kan formålet ha vore å lage eit fiskevatn utav ei myr, eller det kan ha vore å ta vare på tømmerkistedammen som ein kulturhistorisk dokumentasjon.

I Midt-Noreg er det òg nybygde tømmerkistedammar som gjev vassreservoar for å få sikrare vassføring og mykje betre lønnsemd ved ei utbygging av minikraftverk. Ut frå ein økonomisk vurdering er kistedammane først og fremst konkurransedyktige i området 2 – 4 m damhøgde, men det finst eldre døme på dammar med meir enn 8 meters høgde.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre