Kvitaugealbatross

fugleart
(Omdirigert frå T. impavida)
Kvitaugealbatross
Thalassarche impavida Foto: JJ Harrison
Thalassarche impavida
Foto: JJ Harrison
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Thalassarche
Art: Kvitaugealbatross T. impavida
Vitskapleg namn
Thalassarche impavida

Kvitaugealbatross (Thalassarche impavida) er ein albatrossart som høyrer til ein populasjon med hekking på Campbelløyane, meir enn 600 kilometer sør for Stewart Island, New Zealand.[1]

Det har vore strid om rangeringa av dette taksonet og om verdien av datagrunnlaget som ligg til grunn for avgjersla om å rangere taksonet som ein art. Derfor er T. impavida per 2023 framleis av Clementslista ('eBird/Clements checklist') rekna som ein underart av svartbrynalbatross, Thalassarche melanophris, altso at dette berre er ein variant av arten svartbrynalbatross.

Skildring endre

Desse fuglane kan skiljast frå svartbrynalbatross, eller nominatforma, med litt mørkare underside av vengen og ved at kvitaugealbatross har gul iris, noko som svartbrynalbatross manglar.[2] Utsjånaden er elles som for svartbrynalbatross, og desse albatrossane skil seg igjen frå andre i Thalassarche-slekta med ein lang mørk flekk rundt auget, ei mykje brei, mørk rand langs kanten av undervengen, og hos ungfuglar er heile undervengen mørk og nebbet grå-svart. Kvitaugealbatross veg i området 2,2 til 3,8 kg, har vengespenn på 210-246 cm[2] og er ca. 88 cm i kroppslengd.[1]

Hekkeområdet for kvitaugealbatross er utelukkande den nordlege og vestlege kysten av Campbelløya og holmen Jeanette Marie rett utanfor.[1] Utanom hekking, spreier desse albatrossane over det sørvestlege Stillehavet, Tasmanhavet og Rosshavet, mellom 24 og 48 °S.[2]

IUCN klassifiserer denne arten som sårbar på grunn av avgrensa hekkelokalitet. Det siste anslaget var i 1997 og talde 24 600 par, og populasjonen er trudd å vere aukande. Det største trugsmålet mot denne populasjonen er fiskeri, både linefisket og trålarar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 BirdLife International (2014) Species factsheet: Thalassarche impavida. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. september 2023
  2. 2,0 2,1 2,2 Scofield Paul, Brent Stephenson (2013). Birds of New Zealand - A photographic guide. Auckland: Auckland University Press. ISBN 978-0300196825.