Tabungrotta er ei grotte i Nahal Me'arot naturreservat i Israel ved Karmelberget. Grotta var busett i periodar i eldre steinalder (500 000 til kring 40 000 år sidan). I løpe tav denne perioden samla det seg avleiringar av sand og leire opp til 25 meter i grotta. Utgravingar indikerer at ho er ein av dei mest langvarige menneskelege busetjingane i Levanten.

Tabungrotta
grotte
Tabungrotta
Land  Israel
Del av Nahal Me'arot Nature Reserve
Koordinatar 32°40′13.80″N 34°57′55.80″E / 32.6705000°N 34.9655000°E / 32.6705000; 34.9655000
Kart
Tabungrotta
32°40′14″N 34°57′56″E / 32.6705°N 34.9655°E / 32.6705; 34.9655
Kart som viser Tabungrotta.
Kart som viser Tabungrotta.
Kart som viser Tabungrotta.
Wikimedia Commons: Tabun Cave
Fem handøkser frå Tabun, grave ut i 1929-1934, i British Museum

Dei tidlegase og nedste avleiringane i grotta inneheld store mengder sjøsand. Dette og spor av pollen indikerer eit relativt varmare klima på den tida. Dei smeltane isbreane som dekte det meste av jorda fekk havnivået til å stige og kysten av Middelhavet til å trekkje seg inn over land. Kystsletta var smalare enn ho er i dag, og var dekt med savannevegetasjon. Dei som budde i grotta nytta handøkser av flint eller kalkstein ti å drepe dyr (gasellar, flodhestar, nashorn og ville kyr som levde på kystsletta) og til å grave opp planterøter. Etter kvart som reiskapane betra seg over tid, vart handøksene mindre og betre forma og skraper laga av tykke flak av flint, var truleg nytta til å skrape mat av bein og handsame dyreskinn.

Dei øvre nivåa av Tabungrotta bestor hovusakleg av leire og silt, og indikerer eit kaldare, meir fuktig klima. Materiala funnen i denne delen av grotta er frå Moustérienkulturen (kring 200 000 - 45 000 år sidan). Små flintreiskap av tynne flak dominerer desse nivåa.

Det er funne leivningane av ei neandertalarkvinne i Tabungrotta, datert til kring 120 000 år sidan. Det er eit av dei eldste menneskeskjeletta som er funne i Israel.[1]

Kjelder

endre
  1. Coppa, A; Grün, R; Stringer, C; Eggins, S; Vargiu, R. (September 2005). «Newly recognized pleistocen human teeth from Tabun Cave, Israel». Journal of Human Evolution 49 (3): 301–15. ISSN 0047-2484. PMID 15964608. doi:10.1016/j.jhevol.2005.04.005. 

Bakgrunnsstoff

endre