Taffelstein er ein slipeform for edelsteinar, avleidd av ei oktaederform der dei to pyramidespissane er avslipt like mykje. Forma er ofte modifisert av fasettar langs kantane. Denne slipemåten blir brukt for smaragdar og andre farga steinar. Tidlegare vart han òg brukt for diamant, som har oktaedret som vanleg krystallform. Taffelsteinar er gjerne slipt særs tynne, såkalla tynnsteinar.

Sjå òg endre

Kjelder endre