Opna hovudmenyen

Tafilah (arabisk الطفيلة) er eit guvernement i Jordan, kring 180 km sørvest for Amman, hovudstaden i Jordan.

Tafilah guvernement
محافظة الطفيلة
region
Ein Fiq, Golan Heights - 20040223-03.jpg
Kallenamn: Edom-landet
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Nahiaer 3
Byar Bozrah
Koordinatar 30°50′09″N 35°36′44″E
Hovudstad Tafilah
Areal 2 209 km²
Folketal 89 400 (2012)
Retningsnummer +(962)3
Plasseringa til Tafilah guvernement
Plasseringa til Tafilah guvernement
Wikimedia Commons: Tafilah Governorate

Tafilah guvernement grensar til Karak guvernement i nord, Ma'an guvernement i aust og sør, Akaba guvernement i sør, og til Israel i vest. Arealet dekkjer 2,5 % av kongedømet Jordan. Det er delt inn i tre departementet. Folketalet i 2005 var kring 82 000 (1,6 % av folketalet i Jordan) fordelt på 32 byar og landsbyar i guvernementet. Guvernementet er det tynnast folkesette i Jordan.

HistorieEndra

 
Den kjende Danakløfta i Tafilah guvernement
 
Ruinane av Bozrah, hovudstaden i Edom i Busaira.

Tafilah guvernement har vore busett av edomittane sidan 1000-talet fvt. Heile området som Tafilah guvernement dekkjer høyrte til edomittane med byen Busaira som hovudstaden deira i Edom. Dalen kalla Wadi Al-Hasa var grensa mellom Edom og nabokongedømet Moab i dagens Karak guvernement. I dag dannar Wadi Al-Hasa grensa mellom Tafilah og Karak guvernement, men sjølve dalen ligg i Karak guvernement.

Nesten alle byane i Tafilah guvernement er datert attende til edomittane, og det administrative senteret Tafilah heitte på den tida Tophel.

Edom var ofte alliert med Moab og Ammon, og seinare med nabatearane fram til dei fall for Romarriket.

DemografiEndra

Folketalet i Tafilah guvernement var estimert å vere kring 81 000 i 2008. I folketeljinga i 2004 hadde Tafilah guvernement eit folketal på 75 267.[1]

Administrativ inndelingEndra

Nahiya Arabisk namn Regionar Folketal (2004)[1] Adm. senter
1 Al-Qasaba nahiya لواء قصبة الطفيلة omfattar byen Tafilah og 19 andre byar og landsbyar 46 892 Tafilah
2 Bisaira nahiya لواء بصيرا omfattar 9 byar og landsbyar 19 343 Busaira
3 Al-Hasa nahiya لواء الحسا omfattar tre byar og landsbyar 9 032 Al-Hasa

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 2004 census