Take Me to the River

Take Me to the River
Song av Al Green
frå albumet Al Green Explores Your Mind
Utgjeve 2. oktober 1974
Innspelt 1974, Memphis i Tennessee
Sjanger Soul
Lengd 3:45
Selskap Hi
Komponist Al Green, Teenie Hodges
Tekstforfattar Al Green, Teenie Hodges
Låtskrivar(ar) Al Green, Mabon «Teenie» Hodges
Produsent Willie Mitchell
Take Me to the River
Singel av Talking Heads
frå albumet More Songs About Buildings and Food
Språk engelsk
Utgjeve 1979
Sjanger New Wave
Lengd 3:36
Selskap Sire Records
Sire 1032
Komponist Al Green, Teenie Hodges
Tekstforfattar Al Green, Teenie Hodges
Låtskrivar(ar) Al Green, Mabon "Teenie" Hodges
Produsent Brian Eno og Talking Heads
Talking Heads-kronologi 
«Pulled Up»
(1978)
Take Me to the River «Life During Wartime»
(1979)


«Take Me to the River» er ein song frå 1974 skriven av Al Green og gitarist Mabon «Teenie» Hodges. Hitversjonar vart spelt inn av både Syl Johnson og Talking Heads. I 2004 vart originalen til Al Green rangert på 117. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]

Al Green endre

Den originale versjonen vart spelt inn av Al Green i 1974 for albumet Al Green Explores Your Mind, produsert av Willie Mitchell med musikarane Charles, Leroy og Mabon Hodges (The Hodges Brothers), trommeslagar Howard Grimes og Memphis Horns.[2] Green og Mabon Hodges skreiv songen i eit hus dei leigde ved Lake Hamilton i Arkansas, i løpet av tre dagar i 1973, då dei måtte kome med nye songar.[1] I følgje Mitchell skreiv Green teksten og Green og Hodges melodien i lag.[3]

Syl Johnson endre

Plateselskapet Hi Records gav ikkje ut Green-utgåva på singel, men gav han i staden til Syl Johnson, som var på same selskapet. Johnson-innspelinga, som hadde med dei same musikarane som Green, med munnspel og ein råare synging i tillegg,[3] nådde 48. plass på den amerikanske singellista i 1975, og 7. plass på R&B-lista.[4][5]

Talking Heads og seinare versjonar endre

I 1976 vart Foghat det første rockebandet som spelte inn songen, for albumet Night Shift. To år seinare vart han spelt inn av både Levon Helm og Bryan Ferry for soloalbuma deira,[3] og så av bandet Talking Heads for det andre albumet deira More Songs About Buildings and Food. Versjonen deira, spelt inn med produsenten Brian Eno i Nassau i Bahamas, vart korta ned og gjeven ut som singel og nådde 26. plass i USA i 1979.[3][4] Singelen nådde òg 26. plass i Australia, 34. plass i Tyskland og 58. plass i Canada. Songaren David Byrne sa han var tiltrekt til songen fordi han «kombinerer tenåringsbegjær med dåp - ikkje set likskapsteikn mellom dei, men kastar dei i same stuing. Ei saftog blanding.»[3] Konsertversjonar av songen finst på Talking Heads-albuma The Name of This Band is Talking Heads og Stop Making Sense.[3]

«Take Me To The River» er òg spelt inn av fleire andre artistar som Diane Schuur, Tina Turner, The Blue Ox Babes, Annie Lennox, Toni Childs, Max on the Rox, Dave Matthews Band, Canned Heat, The Dresden Soul Symphony, Grateful Dead, Delbert McClinton, Maná, The Commitments, Gov't Mule, Guy Sebastian, Phish, The Gizmos, Element Of Crime og Eva Cassidy.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 The RS 500 Greatest Songs of All Time, arkivert frå originalen 4. desember 2009, henta 13. april 2011 
  2. Album credits at Allmusic.com
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Article by Tim de Lisle, The Independent, 6 februar 1994
  4. 4,0 4,1 Whitburn, Joel (2003). Top Pop Singles 1955-2002 (1st utg.). Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-155-1. 
  5. Whitburn, Joel (1996). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. ISBN 0-89820-115-2.