Taking Tiger Mountain (By Strategy)
Taking Tiger Mountain (By Strategy) Studioalbum av Eno | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | november 1974[1] | |
Innspelt | september 1974 i Island Studios i London | |
Sjanger | Kunstrock, glamrock | |
Lengd | 48:14 | |
Selskap | Island | |
Produsent | Brian Eno | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Eno-kronologi | ||
Here Come the Warm Jets (1974) |
Taking Tiger Mountain (By Strategy) | Another Green World (1975)
|
Taking Tiger Mountain (By Strategy) er det andre soloalbumet til Brian Eno. Det var produsert av Eno og kom opphavleg ut på Island Records i november 1974.[1] I motsetnad til det førre albumet, Here Come the Warm Jets, nytta Eno eit band med fem medlemmar og færre gjestemusikarar. I same periode produserte Eno albumet til Robert Calvert, Lucky Leif and the Longships.[3] Dei flest musikarane på Taking Tiger Mountain var òg involvert i dette prosjektet[4] Gitarist og medlåtskrivar Phil Manzanera, som hadde spelt med Eno i Roxy Music, medverka òg på albumet. For å hjelpe til med produksjonen av albumet utvikla Eno og Peter Schmidt instruksjonskort kalla Oblique Strategies for å hjelpe den kreative prosessen på albumet.
Albumet nådde ikkje salslistene, men fekk mykje omtale i rockepressa.[5][6]
Produksjon
endreAlbumet var produsert av ei rekkje postkort av ein kinesisk revolusjonsopera kalla Taking Tiger Mountain by Strategy.[7]
For å hjelpe seg under innspelinga av albumet, utvikla Eno og venen Peter Schmidt ei rekkje instruksjonskort, Oblique Strategies.[7] Han let korta diktere den neste handlinga under innspelinga.[7] Eno og Schmidt utvida etter kvart korta til over 100 forskjellige «dilemma», som vart nytta på nesten alle hans framtidige innspelingar og produksjonar.[7]
Kjernegruppa av musikarane på albumet bestod av Manzanera frå Roxy Music, Brian Turrington og Freddie Smith frå The Winkies, og tidlegare Soft Machine-vokalist Robert Wyatt.[8] Fleire gjestemusikarar spelte på fleire av songane. Av desse finn ein Andy Mackay frå Roxy Music, og Portsmouth Sinfonia, eit orkester der Eno ein gong hadde spelt klarinett.[9] Filosofien til orkesteret var at alle kunne vere med så lenge personen ikkje hadde erfaring med instrumentet personen spelte i orkesteret.[9] Trommeslagar Phil Collins gjesta òg på albumet, etter at Eno hadde hjelpt til med produksjonen av Genesis-albumet The Lamb Lies Down on Broadway.[10]
Utgjeving og mottaking
endreDet vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet og det nådde ikkje lista i verken Storbritannia eller USA.[11][12] Som det førre albumet til Eno, Here Come the Warm Jets, fekk det generelt god kritikk.[5] I 1975 vart Taking Tiger Mountain (By Strategy) stemnd fram som eit av dei beste albuma i 1974 i Village Voice sin Pazz & Jop-undersøking.[13]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Brian Eno, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Burning Airlines Give You So Much More» | 3:18 |
2. | «Back in Judy's Jungle» | 5:16 |
3. | «The Fat Lady of Limbourg» | 5:03 |
4. | «Mother Whale Eyeless» | 5:45 |
5. | «The Great Pretender» | 5:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Third Uncle» (Eno, arr. Brian Turrington) | 4:48 |
2. | «Put a Straw Under Baby» | 3:25 |
3. | «The True Wheel» (Eno, Phil Manzanera) | 5:11 |
4. | «China My China» | 4:44 |
5. | «Taking Tiger Mountain» | 5:32 |
Medverkande
endre- Brian Eno – vokal, elektronikk, slangegitar, tangentinstrument
- Phil Manzanera – gitar
- Brian Turrington – bassgitar
- Freddie Smith – Trommer
- Robert Wyatt – perkusjon, korvokal
- Andre gjester
- Portsmouth Sinfonia – strykarar på «Put a Straw Under Baby»
- Randi and the Pyramids – kor på «The True Wheel»
- The Simplistics – kor på «Back in Judy's Jungle» og «Taking Tiger Mountain»
- Andy MacKay – blåsarar på «The Fat Lady of Limbourg»
- Phil Collins – ekstra trommer på «Mother Whale Eyeless»
- Polly Eltes – vokal på «Mother Whale Eyeless»
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Taking Tiger Mountain (By Strategy)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Huey, Steve. «Taking Tiger Mountain (By Strategy) album review». Allmusic. Henta 22. april 2011.
- ↑ Wolk, Douglas. «Brian Eno : (various reissues) Review on Blender :: The Ultimate Guide to Music and More». Blender. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 22. april 2011.
- ↑ Thompson, David. «Lucky Leif and the Longships: Overview». Allmusic. Henta 22. april 2011.
- ↑ «Allmusic: Lucky Leif and the Longships». Henta 22. april 2011.
- ↑ 5,0 5,1 Tamm, 1995. s.100
- ↑ Tamm, 1995. s.101
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 Howard, 2004. s.192
- ↑ Derogatis, 2004. s.242
- ↑ 9,0 9,1 «The Real Godfathers of Punk». The Sunday Times. May 30th, 2004. Henta 22. april 2011.
- ↑ Thompson, 2004. p.117
- ↑ Warwick, 2004. p.379
- ↑ «Brian Eno Charts & Awards». Allmusic. Henta 10. mai 2008.
- ↑ «The 1975 Pazz & Jop Critics Poll». Henta 22. april 2011.