Tamra i Jezreeldalen
Tamra (arabisk طمرة, hebraisk טַמְרָה eller תַמְרָה) er ein arabisk landsby nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2007 var folketalet 1 300.
Tamra | |||
landsby | |||
Tamra
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Gilboa regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°38′5″N 35°24′8″E / 32.63472°N 35.40222°E | ||
Folketal | 1 300 (2006) | ||
Tamra i Jezreeldalen 32°38′05″N 35°24′08″E / 32.634722222222°N 35.402222222222°E | |||
Kart som viser Tamra i Jezreeldalen.
| |||
Wikimedia Commons: Tamra, Jezreel Valley |
Historie
endreDå den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Tamra skreiv han: «Denne landsbyen har teke plassen til ein eldgamal by som tidlegare hadde eit amfiteater kring ei vassrik kjelde. Overalt er det store steinhaugar, stort sett basal. Dei gjenverande nedraste husa ligg strøydd oppover åssida. Midt i desse ruinane, nær kjelda, merka eg meg spor etter ei lita kyrkje som ligg aust og vest og er delt inn i tre nav. Ho er pynta med søyler, som det er fleire att av. I den høgareliggande delen av byen kan ein framleis sjå spor av ei anna kyrkje, nesten heilt øydelagd, med golv av mosaikk.»[1]
Det låg ein landsby her i bysantinsk tid. Det er funne graver og ruinar av to kyrkjer.[2]
Seint på 1800-talet skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Tumrah som «ein mellomstor landsby, kanskje 50 eller 70 hus, i høgareliggande område, omgjeve av pløgd land.» Dei noterte òg om nokre ruinar på sørsida av landsbyen.[3]
I folketeljinga i 1931 hadde Tamra 34 busette hus og eit folketal på 193 muslimar.[4]
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tamra, Jezreel Valley» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Abu Fana, Mohammed (30/12/2009): Tamra Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.121
- Alexandre, Yardenna (23/8/2009): Tamra Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.121
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations, Vol. III : Catalogue. BAR International Series 726. Oxford: Archeopress. (p. 734)
- Guérin, Victor (1880). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 3; Galilea, pt. 1.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral s.63[daud lenkje]
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Porat, Leea (13/4/2005): Tamra Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.117
- Porat, Leea (16/12/2007): Tamra Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.119
- Tepper, Yotam (16/8/2007): Tamra Final Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine., Hadashot Arkheologiyot, no.119
Referansar
endre- ↑ Guérin, 1880, s. 124-125, som omsett av Conder og Kitchener, 1882, s. 130
- ↑ Yoram Tsafrir, Leah Di Segni and Judith Green (1994). Tabula Imperii romerski: Judea, Palaestina. Jerusalem: Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 239.
- ↑ Conder og Kitchener, 1882 s.87- 88
- ↑ E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 76.