Tan Dun

kinesisk komponist

Tan Dun (fødd 18. august 1957) er ein oscarvinnande kinesisk-amerikansk komponist busett i New York. Han er særleg kjend for å ha skrive filmmusikk.

Tan Dun

Fødd18. august 1957 (67 år)
FødestadChangsha
Fødenamn(kinesisk skrift 谭盾, pinyin Tán Dùn
OpphavFolkerepublikken Kina
Aktiv1983–
Sjangeropera
Instrumentviola d’amore
Verka somkomponist, viola d'amore player, dirigent, filmmusikkomponist
PrisarBach-Preis der Freien und Hansestadt Hamburg, Musikpreis der Stadt Duisburg, Oscar for beste originalmusikk, Grawemeyer-prisen, Grawemeyer Award for Music Composition, Eugene McDermott Award in the Arts at MIT, Classic Brit Awards, Ellis Island Medal of Honor

Karriere

endre

Tan Dun vart fødd i Changsha i Hunan-provinsen i Kina. Han studerte ved musikkonservatoriet i Beijing før han flytte til New York i 1980-åra og studerte ved Columbia University. Han er etter kvart vorten kjend for å bruka uortodokse instrument i komposisjonane sine; mellom anna har han skrive eit verk der han berre nyttar papir i ulike former til å laga musikk. I eit anna verk nyttar han vasskåler som perkusjon.

Tan Dun har skrive både symfoniar og operaar. Den fyrste operaen hans, Marco Polo, hadde urpremiere i München i 1996. Operaen Peony Pavilion vart urframført i 1998, Tea: A Mirror of Soul i 2002 og The First Emperor i 2006.

Filmmusikk

endre

Tan Dun har m.a. skrive filmmusikken til fylgjande filmar:

Kjelder

endre
  • Artikkelen er basert på Engelsk Wikipedia om Tan Dun, henta inn 2. februar 2011.

Bakgrunnsstoff

endre