Tana museum (Deanu musea/Tenon museuo) er eit museum med fokus på den elvesamiske kulturen i Tanadalen. Det ligg i Polmak i Tana kommune, der kommunen kjøpte inn Polmak gjestgiveri i 1985 for å driva museum. Museet definerer elvesamisk kultur som ein kultur som spring ut av eit «særpreget næringsgrunnlag knytta tett til fiske, utmarks- og jordbruk.»[1]

Tana museum
StadTana kommune
Kart
Tana museum
70°04′19″N 28°00′17″E / 70.071831°N 28.004708°E / 70.071831; 28.004708
Denne hornlua (ladjoen) frå Tana bleki kjøpt av Norsk folkemuseum i Oslo i 1909. Ho er tilbakeført til Tana museum (Deanu musea / Tenon museuo) gjennom bååstede-prosjektet.
Foto: Anne-Lise Reinsfeldt, Norsk folkemuseum
Kong Haakon VII i ein samisk elvebåt under sitt besøk i Tana i juli 1907. Den andre kroningsreisa til kongeparet gjekk til Nordland og Finnmark sommaren dette året.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling

Utesamlingane til museet består av hovudbygningen og tre andre hus knytte til gjestgjeveriet.[2] I tillegg finst det tre andre bygningar, med opphav i kvar sin kultur: Masjokhuset, Hormastabburet og Laksefiskehytta. Masjokhuset har opphav i den finske/kvenske kulturen i dalen, Hormastabburet er eit tradisjonelt samisk skjelterskjå, medan Laksefiskehytta blei bygga rundt 1870 for å husa vitjande lakselordar.

Museet har elles ei samling elvebåtar, og ei utstilling av samiske kofter frå Tana.

Tana museum tilhøyrer kommunen, og er ein del av Tana og Varanger Museumssiida, saman med tre andre museum i Aust-Finnmark.

Museet deltar i bååstedeprosjektet for tilbakeføring av samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til samiske museum.[3] Ein av gjenstandene tilbakeførte til Tanadalen er ei samisk hornlue.[4]

Kjelder endre

  1. Om museet Arkivert 2016-12-21 ved Wayback Machine.; deatnu.org
    • Tana museum i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  2. Bååstede; norskfolkemuseum.no
  3. Bååstede Arkivert 2018-08-26 ved Wayback Machine.; deatnu.org

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tana museum